Ungdom: Maria R. Nilsen sin son var ein av ungdomane ute med softgun.

Softgun, skyting og Os sitt førebyggjande politi

Når han kjem heim denne kvelden fortel han historia slik ho var, men også at politiet hadde sagt at dei i verste fall kunne ha blitt skutt.

”Ungdommar med pistolliknande gjenstand på offentleg stad” kunne ein lesa med feite typar i Midtsiden og Os & Fusaposten. ”Politiet har oppretta sak og tatt beslag i våpena” står det vidare. Foreldra er kontakta.

Les også
Ungdom oppdaga med pistolliknande gjenstand i bustadfelt

Skremmande lesing. Det er nesten så ein kan lura på om det er trygt å bevega seg utanfor sitt eige hus i Os om dagen, når det no altså går gjengar med ungdom rundt å veiftar med våpen. Rein og skjær galskap høyrest det ut som …

Artikkelen held fram under annonsen.

Min son på 15 var ein av desse ungdommane som måndag kveld skulle ta seg frå ein stad til ein annan (ei privat adresse) for å skyta på blink (flasker) med softgun seinare på kvelden. Halvvegs på gåturen kjem ungdommen med softgunen på at han vil dobbeltsjekka at det ikkje er fleire plastkuler i hylsteret. Sjølv steintøffe ungdommar kan ikkje risikera å få ei plastkule i låret ved eit uhell, det er klart. Han tar difor kjapt fram softgunen som han har hatt skjult oppi ein sekk til no, og skyt ein gong rett ned i asfalten. Det var som han trudde, ingen kuler var igjen, heldigvis. I same sekund som han gjer dette, kjem Os-politiet køyrande på E39, på vegen nokre 100 meter unna.

Når politiet ringjer meg som mor denne kvelden, blir eg reint forskrekka. Min son er ein ungdom som likar å henga ute. Ha det sosialt og kjekt med vener. Eg er jo så klart bekymra. Som dei fleste andre tenårings-mødrer, vil eg tru. Bekymra for rus, slåsting, ulukker, osv.

Difor er eg på alerten når politiet ringjer denne kvelden. Ein ungdomsgjeng på 7, min son inkludert, går rundt og skyt med softgun, får eg beskjed om. I alle dagar, tenkte eg, dette høyrdest dramatisk ut. Så eg spør kva dei har skutt på. Tja, dei hadde rett nok skutt rett ned i asfalten, svarar politimannen, men gale var det no uansett. Eg spurte om ungdommane stod fram som rusa. Nei då, dei såg edru ut, alle mann, fekk eg til svar. Politimannen eg snakka med hadde ransaka ungdommane, og alt han fant var eit par tomme snusboksar.

Wow, tenkte eg. Sju edru ungdommar i alderen 15 til 18 år ute ein kveld midt i sommarferien. Det er jo fantastisk! Det hadde verkeleg vore ei herleg overskrift å få sjå i avisa.

Min son har i fleire år hatt politi som førsteval når det kjem til val av utdanning seinare. Når han kjem heim denne kvelden, fortel han historia slik ho var, men også at politiet hadde sagt at dei i verste fall kunne ha blitt skutt.

No er det sommarjobb som står øvst på ønskelista til min unge, lovande. Det ser ikkje ut til at det ordnar seg i år. Eg erfarer at dei fleste av desse ungdommane ynskjer å jobba. Dei har ambisjonar. Dei har potensial. Dette er ungdom som fortener ein sjanse. Korleis det skal gå med desse fine i månadene og åra framover med jobbutsikter som ikkje direkte har betra seg siste tida, det tør eg ikkje tenkja på. Det bekymrar meg. Det bekymrar meg meir enn at min son skyt på blink med softgun ein sein sommarkveld.

I avisa seier politiet at saka går vidare til avd. for førebyggjande arbeid med ungdom.

Ein skulle tru at politiet i Os på generelt grunnlag er tent med å driva førebyggjande arbeid i all kontakt dei har med ungdom. Kva om politiet hadde følgt desse ungdommane til den private adressa dit dei var på veg og hjelpt dei med å stilla opp blinkane på ein sikker stad, og kanskje gitt dei litt våpenopplæring i same slengen…

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg trur det hadde vore jamt slutt på ungdommar som spring når dei ser politiet i alle tilfelle. Kanskje står det sju staute ungdommar klare til dyst på politihøgskulen om få år også, kven veit? Og ein ekstra fordel har dei når dei skal til med våpenopplæring.

Maria R. Nilsen

Tenåringsmamma