Softgun: Det er ikkje lett å sjå skilnaden på ein pistol og softgun.

Ungdom oppdaga med pistolliknande gjenstand i bustadfelt

Måndag kveld i 20-tida vart ei gruppe ungdom stoppa i bustadfelt i Os Sør.

Patruljen var ute på runde då dei la merke til ei gruppe ungdom på 15—17 år som stod samla i eit bustadfelt. Den eine heldt ein pistolliknande gjenstand i handa.

— Patruljen tok kontakt med ungdomane, og det viste seg å vere to softgunar, seier politioverbetjent Martin Nordeide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Softgunane vart beslaglagt og foreldra til ungdomane kontakta.

— Det kan vere straffbart å gå rundt med softgun på offentleg stad utan aktverdig grunn, seier Nordeide, og held fram:

— Så det å gå rundt med softgun i eit bustadfelt er ikkje greitt av allmennt omsyn då det kan oppfattast som om nokre går væpna.

Det er oppretta sak på hendinga.

Politiet har ikkje fått noko offisiell forklaring frå ungdommane om kvifor dei gjekk rundt med softgun i bustadfelt, men patruljen skal ha oppfatta at dei ikkje hadde noko spesiell grunn.

— Dersom det blir utbreidd med softgun vil politiet ta grep, men me håpar ikkje det blir eit problem, seier Nordeide.