Mogleg åstad: Åse Tveit og Evy-Irene Søfteland fortel at kommunen har vore på plass og fyld att holet der svanene til tider har halde seg. Svanene har også vandra mykje over vegen og lege i graset på andre sida.

Fem svaneungar har vore borte i snart ei veke: — Truleg påkøyrde og drepne

Svanehjelpen Os er temmeleg sikre på kva som har skjedd.

Førre helg skal ha vore siste sikre observasjon av svanefamilien, som bestod av far, mor og fem born. Åse Tveit fortel at særleg svanemor og borna plar trakka rundt sanitetsforeininga, og bada i dammen der. Dei ligg også i graset på andre sida av vegen, ved byggjeplassen.

— Dei har vore der trass i bygginga like ved. Det er lagt ut fartsdemparar på vegen. Desse er det ein del som har køyrd utanom. Då må dei ut i dammen, som berre har vakse som følgje av at folk har køyrd der, fortel Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho kjenner seg sikker på at nokon søndag kveld har svinga utanom fartshumpen, og at svaneungane har lege i den etter kvart store dammen. Svanemor må ha lege rett ved sida av.

Stor dam: Svanehjelpen fortel at dei i eit par år har prøvd å få kommunen til å tetta holet. Denne veka var dei på plass for å fylla pukk i.

— Vi har ikkje funne nokre av dei att. Men kråker og slikt er snare med å forsyna seg av kadaver. Svanemor var kjempeskitten og har nok fått spruten frå dammen over seg då ein bil køyrde gjennom, seier Tveit.

Svanehjelpen skal ha fått melding om at to svaneungar skal ha blitt sett gåande i området åleine søndag kveld, og at dei såg skadde ut. Difor trur dei at tre av ungane nok blei drepne i samanstøyten med ein bil, og at to av dei blei sneia og hardt skadde.

— Då har ikkje mor klart å få dei med seg, og ho var nok i sjokk. Fuglane har truleg teke dei også. Dei er snare med å slå til når dei får moglegheit, seier Søfteland.

På besøk laurdag: Åse Tveit vitja svanefamilien laurdag kveld. Søndag skal ungane ha blitt borte.

Svanehjelpen Os ønskjer å dela dette med osingane. Dei snakka med Midtsiden tidlegare i veka, og følte at sidan det er kjend at svaneungane er borte, så bør osingane få vita kva som har skjedd.

— Det er nok ein del som lurer på det. Vi må vera snille med svanene. No er foreldra ute og leiter etter borna sine — men dei kjem ikkje til å finna dei att. Er det nokon som veit kva som skjedde søndag, så er det berre til å ta kontakt. Var dette ei ulukke, så kan det skje alle, men vi håpar at ein då vil melda seg, seier Søfteland.