#osogfusasommar
Det er ikkje for seint å delta i vår sommarkonkurranse og konkurrera om flotte premiar.
I starten av juni lanserte Os & Fusaposten ein stor Instagram-konkurranse.
Sidan har 477 Instagram-bilete blitt merkt med hashtagen #osogfusasommar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her presenterer vi eit lite utval av nokre av dei mange herlege bileta. Det er framleis rom til mange fleire i konkurransen.
Å delta er enkelt: Ta bilete av det du forbind med sommar i Os og Fusa, og legg dei ut på Instagram med hashtagen #osogfusasommar. Du kan også tagga bilete du alt har lagt ut.
Tre bilete blir premierte.
1. premie: Dagspass til Osfest.
2. premie: 1/2-års abonnement på Os og Fusaposten.
3. premie: Gåvekort på 500 hos Peppes Pizza.
Trekninga skjer onsdag 3. august.