Rykte ut: Heile brannkorpset blei varsla då det kom inn melding om bygningsbrann laurdag morgon.

Brannutvikling laurdag morgon: — Det er fleire som har fått i seg ein del røyk

Brannvesenet blei varsla om bygningsbrann i Klokkargarden, og det blei trykt på “den store knappen”.

— Alle 24 som er i brannkorpset blei alarmert. Vi var 13 som rykte ut. Det er berre vaktlaget som er pliktige å rykka ut, og så kjem alle andre som har høve til det. Det var godt oppmøte tidleg laurdag morgon, seier brannsjef i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum.

Brann: Det var Klokkargarden brannvesenet rykte ut til laurdag morgon.

På veg fram til bustaden, fekk dei melding om at brannen var sløkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var framleis nokon inne i bustaden då vi kom fram til staden, og det er fleire som har fått i seg ein del røyk. Vi fekk alle ut, og helse tok hand om dei, fortalde Storum.

Vidare fortel brannsjefen at bustaden er fin nok til å bu i, og at det ikkje var ei tydeleg årsak til kvifor det hadde oppstått brann.

— Det var ein god del røyk der inne, og vi har ventilert ut. Det var eit stort farepotensial i dette tilfellet, og det er godt at det gjekk så bra som det gjorde. Vi fekk også testa heile beredskapen, opplyste Storum laurdag.