Mange sjuke: – Det er mange som er sjuke, fortel fungerande einingsleiar for legevakt og legetenester, Mike Görtz.

Stor pågang hos legevakta i jula

Korona, influensa og RS-virus er noko av det som får innbyggjarane til å slå på tråden.

– Som alle andre stader i landet har det vore stor pågang hos oss også. Både på legevaktsentralen og på legevaktstasjonane på Moberg og i Eikelandsosen, opplyser fungerande einingsleiar for legevakt og legetenester i Bjørnafjorden kommune, Mike Görtz.

Årsakene til at innbyggjarane tek kontakt med legevakta er ifølgje Görtz veldig varierande, alt frå heilt enkle sjukdomstilfelle til meir alvorlege ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange som er sjuke. Vi har tilfelle av influensa, RS-virus og korona, fortel han.

Om ein har nådd toppen allereie, eller om innbyggjarane kan venta seg endå meir sjukdom i vekene som kjem, vågar ikkje Görtz å svara på.

Truleg vert nyttårshelga minst like travel som julehelga for legevaktteamet.

– På vanlege dagar ringjer folk til fastlegen om det er noko. På heilagdagar må alle innom legevakta. I tillegg er det ei stor influensabølgje på gang. Då vert det travelt på legevakta i Bjørnafjorden, akkurat som i Bergen, Trondheim og alle andre stader, påpeikar han.

Har råd til bjørnafjordingane i nyttårshelga

Görtz oppmodar innbyggjarane om å ta ein ekstra kikk på råda legevakta kom med like før julehøgtida sette inn for fullt.

Les også
Legevakta har stor pågang frå bekymra foreldre. No kjem kommunen med juleråd.

— Vi har mange bekymra foreldre på tråden, noko som fører til kø både på telefon og venterom. Ofte er det ikkje nødvendig verken å ringja eller å møte opp. Ta det med ro heime, ta febernedsetjande og drikk rikeleg med væske. Det aller meste går over av seg sjølv, sa avdelingsleiar Cathrine Aasen og legevaktoverlege Bjørn Petter Johannessen den gongen.

– Ring når det er naudsynt, seier Görtz og kjem med følgjande råd til bjørnafjordingane inn i nyttårshelga:

– Forsøk å avslutta året på ein hyggjeleg måte. Ver forsiktig. Det er både mørkt og glatt ute.