Gode råd: — Vi har mange bekymra foreldre på tråden, noko som fører til kø både på telefon og venterom, seier avdelingsleiar Cathrine Aasen.

Legevakta har stor pågang frå bekymra foreldre. No kjem kommunen med juleråd.

— Hugs at det aller meste går over av seg sjølv, seier avdelingsleiar Cathrine Aasen.

Mange, både barn og vaksne, er for tida sjuke med ulike luftvegsplagar. Noko som naturleg nok skuldast ymse virussjukdomar i omløp.

Det skriv Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Legevakta vert nett no spesielt kontakta om barn med luftvegssjukdom. Samstundes kan legevakta til tider ha redusert kapasitet fordi tilsette sjølve er sjuke eller har sjuke barn.

— Vi har mange bekymra foreldre på tråden, noko som fører til kø både på telefon og venterom. Ofte er det ikkje nødvendig verken å ringa eller å møte opp.

— Ta det med ro heime, ta febernedsetjande og drikk rikeleg med væske. Det aller meste går over av seg sjølv.

Det seier Cathrine Aasen, avdelingsleiar Interkommunal legevakt for Bjørnafjorden og Samnanger, og Bjørn Petter Johannessen, legevaktoverlege.

Vent, ikkje berre møt opp!

Einingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden, Mike Görtz, ber dei som treng legevurdering kontakta fastlegen når det er mogleg.

— Legevakta er for akutte tilfelle. Viss du blir akutt sjuk og må kontakta legevakta, ring først — ikkje berre møt opp, seier han og legg til:

— Legevakta er for alle, men ikkje for alt.

— Ikkje ring legevakta for ting som ikkje hastar.

— Forny reseptane på faste medisinar i god tid før jul og nyttår hos fastlegen din.

— Hald deg heime dersom du føler deg sjuk og har luftvegssymptom, unngå å smitta andre. Drikk godt med væske, bruk febernedsetjande som paracetamol/ibuprofen.

— Kontakt fastlegen på dagtid viss du treng vurdering av lege. Ring legevakta om du blir sjuk på kveld/natt/helg og det ikkje kan venta til fastlegen si opningstid. Legevakta kan også gje deg råd over telefon.

Har du barn med luftvegssjukdom? Les dette før du ringjer legevakta:

— Gje barnet rikeleg med drikke (senkar temperatur, lindrar hoste, kan løysa slim).

— La barnet vera lett påkledd ved feber. Då kan barnet bli kvitt overflødig varme. Ein dusj saman med foreldre og avkjøling ved å ikkje tørke barnet etterpå, er ein effektiv måte å få ned temperaturen på.

— Gje nasespray ved tett/rennande nase (saltvatn, eventuelt slimhinneavsvellande).

— Hald barnet heime frå barnehage/skule. Ver heime til barnet er i betring.

— Bruk febernedsetjande medisin som Paracet/Ibux  dersom barnet har vondt eller så slapt at det ikkje drikk. Febernedsetjande gjer ikkje barnet fortare friskt.

— Ved hoste/luftvegsplagar: Forsøk å la barnet liggje med heva overkropp om natta. Legg for eksempel klossar eller bøker under sengebeina i hovudenden.

— Ved pustebry: Opptre roleg og trøyst barnet. Ved falsk krupp/ astma: La barnet sove i eit kjølig soverom, ta gjerne barnet ut i kald, frisk luft i minimum 20 minutt ved anfall.

Ved HØG FEBER (> 40 grader): Vekk barnet eit par gonger i løpet av natta:

— Får du god kontakt med barnet ditt når du vekkjer det?

— Ver spesielt oppmerksam på utslett i form av blodutreidingar, små raudfiolette prikkar som ikkje blir borte når du pressar sida av eit drikkeglas mot huda. Slikt utslett, eventuelt saman med sløvheit, oppkast og nakkestivheit, kan vera teikn på alvorleg sjukdom. Kontakt lege straks.

Kontakt fastlege, eventuelt legevakt, dersom barnet ditt:

— Er tre månader eller yngre og har feber

— Har redusert ålmenntilstand, verkar slapp og ikkje orkar å eta/drikke

— Har feberkrampar

— Dersom barnet strevar med å få luft og/eller pustar raskt

Kontakt også lege dersom du er engsteleg for at barnet har ein alvorleg sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.