Lysetunet 1 til høgre i biletet. På venstre side av vegen kjem Lysetunet 3 og 4. Heilt bak til venstre; idrettsanlegget og Lysekloster barneskule.

I desember står dei første rekkehusa i Lysetunet ferdige. Dette er berre forsmaken

– Interessa er stor. Dei fleste er bergensarar, seier Eirik Teigland.

Publisert Sist oppdatert

Det skjer mykje i området Lyseparken, Åsen og Lysekloster. Næringsparken - med alle dei nye verksemdene, og den nye vegen mellom Åsen og Helleskaret, gjer det meir og meir attraktivt å flytta til området. 

I desse dagar tek det nye bustadfeltet «Lysetunet» form, og etterspurnaden stig.

– Dei 16 første rekkehusa skal stå ferdige i tidsrommet oktober-mars. Dei 13 neste skal vera ferdige litt lengre ut på vinteren/våren 2027, fortel sals- og marknadssjef i Bono Bolig, Eirik Z. Teigland.

Dei første rekkjehusa i Lysetunet 1 skal vera innflyttingsklare i haust. Totalt blir det 29 bustader.

20 av 29 hus i Lysetunet 1-utbygginga er selde. Til no er det klart flest bergensarar som har kjøpt.

– Eg trur dei ser potensialet i området, med kort veg til skule, idrettsanlegg, Lagunen og Bergen, seier Teigland, som påpeikar at prisen på rekkehusa i Lysetunet er lågare enn tilsvarande hus på andre sida av Fanafjellet.

Slik blir Lysetunet 2 sjåande ut, med blokkleilegheiter og rekkehus.

180 einingar

Tomteområdet til Bono Bolig ligg like etter avkøyringa frå nye-vegen og inn «snarvegen» til Hellebakkane.

– Totalt skal me byggja kring 180 bueiningar. Lysetunet 1 består av 29 einingar. Lysetunet 2 skal delast i to fasar, fortel Teigland og held fram:

– I første fase skal me byggja 14 rekkehus og ei bustadblokk med 13 leilegheiter. I fase to av Lysetunet 2 skal me byggja ytterlegare éi bustadblokk med 48 leilegheiter.

Leilegheitene vert frå 49 til 114 kvm. 

– Me er opptekne av å skapa eit variert bustadområde der mange ulike kundegrupper kan finna det attraktivt å bu, seier Teigland.

Rekkehusa og dei første leilegheitene skal stå ferdige i løpet av første halvår 2029. 

Lysetunet 3 omfattar 34 rekkehus. Lysetunet 4 vil bestå av 70 leilegheiter.

Rustar opp vegen

Etter at nye-vegen vart opna, var det fleire som klaga på ein markant auke i trafikken på 'snarvegen' til Hellebakkane med skule og idrettsanlegg. Mange peika på at passasjen forbi Lysekloster barnehage var altfor smal. 

Dette vert det no jobba med å utbetra.

– Kommunen utvidar og utbetrar vegen, medan me i Bono Bolig tek ansvar for å laga fortau. Fortauet blir 70-80 meter langt, og vil syta for at alle mjuke trafikantar kjem seg trygt til og frå området, også langs denne vegen, seier Teigland.

Arbeidet med fortau forbi barnehagen er for lengst i gang. Dette biletet vart teke for eit par veker sidan.
Powered by Labrador CMS