Om KI i Os & Fusaposten

Om kunstig intelligens i Os & Fusaposten

Kunstig intelligens (KI) gir oss nye moglegheiter til å utvikla og forbetra journalistikken vår. Men teknologien skal aldri erstatta dei journalistiske vurderingane og det kritiske blikket eller rokka ved ansvaret me har overfor lesarane våre.

I Os & Fusaposten ønskjer me å bruka KI på ein klok, open og ansvarleg måte. Målet er å laga endå betre og meir relevant journalistikk for innbyggjarane i Bjørnafjorden.

Alt me gjer, skal vera forankra i Ver Varsam-plakaten og dei grunnleggjande prinsippa for fri, uavhengig og truverdig journalistikk.

KI kan bidra til å gjera journalistikken betre, menneska skal alltid ha kontrollen, og lesarane skal kunna stola på det me publiserer.

Om KI i Os & Fusaposten

1. Menneska har alltid ansvaret

KI er eit hjelpemiddel, ikkje ein journalist eller ein redaktør. Det er alltid menneske som skal gjera dei redaksjonelle vurderingane og avgjera kva me publiserer.

Ansvarleg redaktør har det overordna ansvaret for alt innhald i Os & Fusaposten, uavhengig av om KI har vore brukt i arbeidet.

Redaktøransvaret og presseetikken gjeld uavhengig av teknologi.

2. Dette bruker vi KI til

Me kan bruka KI til mellom anna korrekturlesing, omsetjing, transkribering, idéutvikling, tittelforslag, oppsummeringar, analyse, research og systematisering av informasjon.

KI kan også hjelpa oss å presentera journalistikken på nye måtar, gjera innhaldet meir tilgjengeleg og utvikla nye journalistiske tenester.

3. Fakta skal alltid kontrollerast

KI kan gjera feil, finna på opplysningar og gi misvisande svar.

Difor skal opplysningar som kjem frå KI, alltid kontrollerast gjennom vanleg journalistisk kjeldearbeid før publisering.

Me skal ikkje gå på akkord med faktasjekking, dokumentasjon, kjeldekritikk eller andre grunnleggjande journalistiske prinsipp.

KI er ikkje ei sjølvstendig journalistisk kjelde.

4. Me tek vare på kjeldene og personvernet

Kjeldevern, teieplikt og personvern gjeld også når me brukar KI.

Me deler ikkje konfidensielle opplysningar, sensitivt materiale eller informasjon som kan avsløra anonyme kjelder.

5. Me skal vera opne om bruken av KI

Lesarane skal kunna stola på innhaldet vårt og vita når KI har hatt ei vesentleg rolle i det som blir publisert.

Når KI blir brukt til å generera eller samanstilla publisert innhald, til dømes gjennom automatiserte bustadsaker, næringsnyheiter eller KI-genererte faktaboksar og oppsummeringar, skal dette merkast tydeleg.

Me skal vera opne om korleis teknologien er brukt når det er relevant for lesarane si forståing og vurdering av journalistikken.

6. Ekte bilete skal vera ekte

Me skal verna om truverdet til det journalistiske fotografiet og me manipulerer ikkje dokumentariske bilete med KI eller andre verktøy.

KI-generte illustrasjonar skal som hovudregel ikkje brukast, men kan vurderast i særlege høve.

Me skal ikkje presentera KI-genererte bilete som ekte dokumentarfoto.

7. Me skal vera nysgjerrige, men kritiske

KI er ein teknologi i rask utvikling. Me ønskjer å utforska moglegheitene, prøva ut nye løysingar og læra undervegs.

Samstundes skal me vera kritiske til teknologien, forstå avgrensingane og vurdera konsekvensane av bruken.

Nye verktøy og bruksområde skal vurderast redaksjonelt før dei blir tekne i bruk.

Retningslinjene byggjer på Ver Varsam-plakaten og råd frå Norsk Redaktørforening. Dei blir oppdaterte i takt med utviklinga av teknologien og erfaringane me gjer oss i redaksjonen.

Powered by Labrador CMS