I dag legg ho ut på ein 16 dagar lang konsert-turné i USA og Canada.
I dag legg ho ut på ein 16 dagar lang konsert-turné i USA og Canada.

Alt klaffar for Aurora

Ikkje berre toppar Aurora Beats strøymeliste for mars. Ho har også selt ut halvparten av konsertane under Amerika-turnéen som startar i kveld.

Den norske streaming-tenesta Beat gjer stas på norske artistar og delar kvar månad ut Beats Ostehøvel til den norske artisten eller norske gruppa som har blitt streama mest.

For mars er det ingen tvil: Prisen går til stjerneskotet Aurora.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho var nemleg den mest streama artisten på Beat i mars.

- Vi synest det er heilt strålande at Aurora toppar lista over Beats mest streama artistar i mars, seier Kim Paulsen i Petroleum Records.

Han fortel om "enormt god respons" på albumet "All My Demons Greeting Me As A Friend", og at plateselskapet jobbar langsiktig for at "fleire og fleire skal oppdaga albumet og den unike artisten Aurora er".

Resten av 2016 vert prega av høg aktivitet både i inn- og utland.

- Ein betre start enn dette kunne vi ikkje fått, seier han.

Utseld

Aurora er for tida i startgropa med ein 16 dagar lang og intens USA og Canada-turné. Av 13 konsertar er alt sju utselde.

Deriblant opningskonserten på legendariske The Troubadour i Los Angeles i kveld.

Samtidig står ho på scena, rett nok i opptak, hos talkshow-vertenConan O´Brien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette blir Auroras andre amerikanske talkshow etter suksess-besøket hos Jimmy Fallon 14. mars.