Julerosen: Følg med og sjå kvar julerosen tek vegen. Foto: Kenneth Svenningsen

Årets julekalender - luke 2: Kven fortener julerosen?

Årets adventskalender i Os & Fusaposten handlar om å rosa kvarandre i ei hektisk førjulstid. Me starta med verdas første varaordførar i Bjørnafjorden. Så får tilfeldigheitene visa kvar me endar 24. desember.

«Julerosen» handlar om både å gje ein person ei rose og litt ros ved hjelp av ei videohelsing på osogfusa.no. Den som får skryt, vert neste person ut i video-serien.

Gjettekonkurranse

Me legg ut ei «julerose-sending» kvar dag. Deretter gjeld det å tippa kven personen i videoen skryter av.

Veit du kven det er, skriv det i kommentarfeltet under Facebook-innlegget, merka med fullt namn, før midnatt den aktuelle dagen.

Svaret vil du sjølvsagt få i den neste episoden, der vedkomande som fekk skryt, får høve til å dela ut julerosen på nytt.

Kvar dagsvinnar får ein sjokolade og eit flakslodd. I tillegg er dagsvinnarane med i trekninga av ein hovudpremie som me trekkjer i romjula.

Ps: Vi er klar over at nokre episodar i årets julekalender kan bli hakket vanskelegare enn tidlegare, men desto meir folkeleg og kjekk!:)

Luke 1: Mikal Leigland skrytte av Tone Elisabeth Stenevik. Det visste Else Kristin. Gratulerer!

Her er luke 2: