Leona Rangset (t.v.) og Mathilde Halhjem Edvardsen er besteveninner og slindrings-ekspertar.
Leona Rangset (t.v.) og Mathilde Halhjem Edvardsen er besteveninner og slindrings-ekspertar.

Besteveninnene Mathilde og Leona lærer bort kunsten å slindra venskapsband

Veit du ikkje kva slindring er, seier du? Då må du ta turen til Vognhallen på Osøyro.

For årets Kulturminnedagar vert opna med ein handtverksdag spesielt retta mot born. 15 ulike handtverk vert demonstrert av både unge og gamle meisterar. Og det er gratis å prøva seg.

Men tilbake til slindring. Som rett og slett er tvinning av ulike trådar til ei rund snor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjempegøy, og veldig lett å læra seg, forklarer Mathilde Halhjem Edvardsen og Leona Rangset.

Sjølv har dei to besteveninnene frå Halhjem slindra mange venskapsband og smykker, men det er eigentleg berre fantasien som set grenser for kva du kan få til.

Og om du ikkje kjem deg til Vognhallen i dag og kan læra av dei to ekspertane?

Mathilde demonstrerer slindring saman med andre unge handtverkarar.
Mathilde demonstrerer slindring saman med andre unge handtverkarar.
Leiar i Os fortidsminneforeining, Ingebjørg Astrup, kom med ei varm anbefaling av handtverkaryrket.
Leiar i Os fortidsminneforeining, Ingebjørg Astrup, kom med ei varm anbefaling av handtverkaryrket.
Os skulekorps gjekk fyrst i toget av osingar frå Gjestebrygga  til Vognhallen.
Os skulekorps gjekk fyrst i toget av osingar frå Gjestebrygga til Vognhallen.
Kultursjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes (t.v.) og dagleg leiar for Oselvarverkstaden, Vidar Langeland, marsjerte muntert bak Os skulekorps.
Kultursjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes (t.v.) og dagleg leiar for Oselvarverkstaden, Vidar Langeland, marsjerte muntert bak Os skulekorps.
Det ser lettare ut enn det er.
Det ser lettare ut enn det er.
Hilde Petersen Nyløkken med sjølvsydd skjorte og vest.
Hilde Petersen Nyløkken med sjølvsydd skjorte og vest.
Hilde Petersen Nyløkken har laga eigen sløyfekolleksjon med unike produkt. Denne burde vel vere sjølvskriven for lensmann Oddbjørn Dyrdal?
Hilde Petersen Nyløkken har laga eigen sløyfekolleksjon med unike produkt. Denne burde vel vere sjølvskriven for lensmann Oddbjørn Dyrdal?
Vi skal ikkje koma med forslag til kven denne kan passa til.
Vi skal ikkje koma med forslag til kven denne kan passa til.
Det er godt og varmt i grua til Lindås-smed Stian Solheim.
Det er godt og varmt i grua til Lindås-smed Stian Solheim.
Høg kosefaktor rundt leirebordet.
Høg kosefaktor rundt leirebordet.
Beth Svendsen (t.v., som er leiar i Os husflidslag, spinner garn av ull frå hunderasane tervueren og  groenendael. Spinnekollega Sølvi Erdal held seg til norsk sau.
Beth Svendsen (t.v., som er leiar i Os husflidslag, spinner garn av ull frå hunderasane tervueren og groenendael. Spinnekollega Sølvi Erdal held seg til norsk sau.
Fascinasjoen er stor hos både lærar og elev.
Fascinasjoen er stor hos både lærar og elev.

– Så finst det mange videoar om slindring på youtube, seier dei.

Rodd i oselvar

Heile dagen vert det arrangement i og rundt sentrum. Dei som vil sleppa å gå mellom Oselvarverkstaden og Vognhallen, kan få skyss over fjorden i ein ekte oselvar.

Så på sett og vis har Os fått sin eigen Beffen.

Den offisielle opninga av Kulturminnedagane var det kultursjef Erik Vangsnes som stod for.

Men før det, heldt leiar i Os fortidsminneforeining, Ingebjørg Astrup, ei lita tale om dei rike handtverkstradisjonane her vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar mange av dykk unge vel å utdanna dykk til handtverkarar. Det vil både samfunnet og de sjølve, ha stor glede av resten av livet.

Eigen sløyfekolleksjon

Og kanskje er det nettopp begrepet glede som best skildrar handtverket til herreskreddar og Mobergs-jente Hilde Petersen Nyløkken.

Med sirleg presisjon, og masse humor, har ho laga sin eigen sløyfe- og kravatkolleksjon for menn.

Fleire av dei er dekorerte med små legoandlet som ho eigenhendig har stole i leikekassa til sonen.

– Eg er redd han kjem til å merka det snart, ler ho.

Hilde har teke med seg store deler av verkstaden sin til Vognhallen. Ho viser og forklarer detaljane i skjortesnippen og brokadevesten ho har sydd til mannen sin. Det heile er så forseggjort og skikkeleg at ein skjønar kvifor det kostar å kjøpa eit handlaga produkt.

– Du må jo ha verdas mest velkledde mann?

– Haha, nei, han må legga opp buksene sine sjølv, ler ho og gøymer andletet i hendene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skomakarens born, der altså.

Kulturminnedagane i Os pågår til og med søndag 15. september.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no