Bursdagsfeiring med stor B

Song, høgtlesing av dikt, gåver og ikkje minst ein thriller av ein mimekonkurranse. Nore Fusa skules 20-årsdag hadde alt ein bursdag skal innehalda - og litt til.

Maten var også inspirert av ein tradisjonell barnebursdag: Pølser og kaker.

- Me har gått for ei uformell markering av 20-årsdagen til skulen. Det er me glade for, seier rektor Hege Steinsland-Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Do-lydar i mimekonkurranse

Elevar og barnehageborn frå oppvekstsenteret i Nore Fusa var samla i gymsalen i dag for å markera at det er 20 år sidan skulen blei til. 6 klassingane hadde dekt på bord, pynta og gjort alt klart for ei skikkeleg bursdagsfeiring. På programmet var bursdagssongen, sjølvsagt, og kapteinsabeltann-songen «Venner», som passa fint inn i den varme og gode stemninga i gymsalen. Då det var tid for mimeleik tok det heilt av. To lag - gutar mot jenter, konkurrerte i miming. Ein frå kvart lag mima, medan to lagkameratar skulle finna løysinga. Alle utanom dei to som skulle gjetta, fekk sjå løysinga på veggen. Lagkameraten som var i elden, skulle i første runde mima. I andre runde var det berre lov å laga lyd. "Mimarane" vart utsette for vanskelege, lettare og litt flaue innslag, som til dømes å simulera do-lydar. Dei lydane, og papegøye-lydar frå ein av lærarane, var nok dei to innslaga som gjorde høgst utslag på desibelmålaren.

Verdas beste skule

Nokre av elevane hadde med seg gåver til skulen, som skulle opnast ved eit seinare høve. Om gåvene var like fine som dei gode orda elevane hadde skrive om skulen, var dei nok heilt supre. Då eitt knippe 3.- og 4. klassingar var framme for å lesa opp sine bursdagshelsingar var "verdas beste skule" uttrykket som gjekk att. Den store skuledebatten var heller ikkje til å koma utanom på jubileumsdagen i Nore Fusa. Her er eit utdrag av teksten: "Til skulen eg går på. Du er verdas beste skule. Frå ein som går på denne skulen. Du er stor nok og veldig fin. Eg håpar du ikkje blir lagt ned. Gratulerer med 20-årsdagen!".

Pølsene og kakene gjekk ned på høgkant og dette var på alle måtar ei bursdagsfeiring med stor B.