Lasse Espelid heldt eit svært interessant føredrag om Noregs historie i Os Senioruniversitet.
Lasse Espelid heldt eit svært interessant føredrag om Noregs historie i Os Senioruniversitet.

Det typisk norske - i fortid, notid og framtid

Lasse Espelid gav sist måndag Os Senioruniversitet ein interessant oversikt - med tale, tekst og tonar - over det typisk norske i fortida og notida, og avslutta med nokre tankar om framtida.

Lasse Espelid vart vi kjende med då han i sin ungdom var programleiar for Fleip eller fakta på NRK TV. Men han har også ei alvorleg side. Etter eit allsidig arbeidsliv mellom anna i Utanriksdepartementet og Den Norske Bank, har han eit god grunnlag for å ha ei meining om kva som er typisk norsk.

Han gav ei brei oversikt over historia for eit til dels karrig land som har vore svært fattig, og som no var blitt blant dei rikaste i verda. I tillegg fekk vi høyra mykje om norsk kultur og identitet. Espelid siterte Gro Harlem Brundtland, som sa at Det er typisk norsk å være god. Han utdjupa dette på ein fengslande måte. Men han viste også at det typisk norske ikkje berre er positivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

60 prosent døydde

Vi har ei historie frå vikingtida som vi er stolte av. Vi har ei samanhengande kongerekke med 61 namn. I alt tel kongerekka no 64 namn. Men på 1300-talet begynte det å gå til atters. Under Svartedauden (1349-50) mista vi ca. 60 prosent av folket. Veldig mange gardar vart lagt aude. Etter kvart vart vi ein del av Danmark. I 1814 vart vi fri frå Danmark, men vi måtte godta den svenske kongen som konge i Noreg fram til 1905. Etter at vi vart frie frå Danmark fekk vi ein stor kulturell vekst. Men vi var framleis fattige. Fattigdomen førte frå 1825 og hundre år framover til ei stor utvandring til Nord-Amerika. Her bur det no fleire med norsk avstamning enn det bur i Noreg.

Etter å ha vor ein del av Danmark i over 400 år og seinare i union med Sverige, har vi to gonger sagt nei til å bli medlem i EU.

Olje-æraen

På slutten av 1960-talet fann vi olje i Nordsjøen. Det skapte Det nye Noreg, sa Espelid. Vi er blitt blant dei rikaste i verda. Det er som om vi vinn toppgevinsten i lotto kvar veke, er det blitt sagt.

I tillegg til olje har vi store naturressursar som har vore til stor nytte og blir endå viktigare i framtida når oljeveksemda blir mindre. Spesielt gjeld dette maritim verksemnd - fiske og skipsfart. Med vår lange kystlinje - det er berre Canada som har lenger kyst - og dei store havområda vi rår over, har vi grunnlag for alltid å vera ein viktig fiskeri- og sjøfartsnasjon.

Flott natur

Norsk natur blir ofte framheva av utlendingar som typisk norsk. Naturen er vi flinke å ta vare på ved at vi er miljømedvitne, bl.a. ved at vi har oppretta 44 nasjonalparkar, nesten like mange som USA (58) og mange fleire enn Sverige (29).

I tillegg til dei naturgitte føresetnadane finn vi myke innanfor eit vidt kulturomgrep - litteratur, vitskap, politikk, humanitært arbeid, idrett, frivillig arbeid, tradisjonar m.m. - som er typisk norsk og som vi er stolte av. Vi dyrkar heltane våre, og det er mange. Lista var lang, svært variert og med dette korte utdraget: Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Frithjof Nansen, Gunnar Sønsteby, Tryggve Lie, Hjalmar Andersen og Magnus Carlsen.

Vi feirar grunnlovsdagen vår som ingen andre. Dei store høgtidene som jul og påske blir feira på måtar som ofte er særprega for Noreg.

Kva er den norske folkesjela?

Alt dette som viser at det er typisk norsk å vera god, og den norske kulturen i vid forstand, gir oss ein norsk identitet som vi er stolte av. Men kva er eigentleg den norske folkesjela, spurde Espelid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gav to eksempel: Kjerringa mot straumen og Kittelsens troll. Dette kan tolkast både positivt og negativt. Vi er eit sjølvstendig og sterkt folk. Men det er ikkje så uvanleg å høyra utlendingar omtala oss som sjølvopptatte, inneslutta, sjenerte, uhøflege, naive, sjølvgode og dårlege i matematikk og språk.

Jantelova (Du skal ikkje tro at du er noe, osv.) kan også delvis brukast for å karakterisera oss nordmenn.

Vil det typisk norske endra seg? Vi går inn i framtida med eit ufatteleg stort pensjonsfond som oljeeventyret har skaffa oss. Oljeverksemnda avtar, men vil vera ei viktig næring i mange år framover.

Men næringslivet vil måtta endra seg. Vi får framleis ei stor arbeidsinnvandring som gjer oss rikare. Krig og anna uro fører til at det kjem svært mange flyktningar til Europa og dermed også til Noreg. Folketalet kjem framleis til å auka sterkt. 13 prosent av folket i Noreg har i dag innvandrarbakgrunn. I Oslo er det 29 prosent. Denne utviklinga vil prega det norske samfunnet både økonomisk og kulturelt og når det gjeld byutvikling og transportløysingar.

Det er svært stor materiell ulikskap i verda medan vi er blant dei rikaste. Espelid avslutta med å peika på at privilegier forpliktar. Det gir oss eit ekstra stort ansvar. Då spørst det om vi i framtida kan sei at det er typisk norsk å dela med andre.

Os Senioruniversitet

Olav Søfteland