Arrangør David Genius, ordførar Terje Søviknes og dragebåtadmiral Rune Nilsen.
Arrangør David Genius, ordførar Terje Søviknes og dragebåtadmiral Rune Nilsen.

Døypte dragen

- Det er ikkje akkurat ein Oselvar, men flotte er dei, sa ordførar Terje Søviknes då han fekk æra av å døypa ein ekte, kinesisk dragebåt.

29. og 30. august er det Dragebåtfestival på Osøyro. I samband med festivalen vart det fredag ettermiddag arrangert dåp for éin av dei seks båtane som skal i aksjon i hamna.

- Eg håper venegjenger, verksemder og andre kjenner si besøkelsestid. Eg skal i alle fall tilbake til rådhuset og utfordra dei ulike avdelingane der til å melda seg på, sa Søviknes før han spretta champagnen og gav båten det klingande namnet "Havnesjefen".

Artikkelen held fram under annonsen.

David Genius i Scandinavian Entertainment Service står bak arrangementet. Verksemda hans har importert seks dragebåtar frå Kina. Båtane vert mellom anna brukt til teambuilding og anna moro.

Det har vore arrangert dragebåtfestivaler andre stader tidlegare, men aldri i Os.

- Os er ein fantastisk kjekk stad. Håpet er at det skal verta eit årleg arrangement og ein folkefest, fortel Genius.

Sjølv har han ikkje så veldig mykje erfaring med å padla dragebåt.

- Eg trur eg har vore om bord tre gonger. To av gongene var vi berre to personar i båten, likevel var det vanskeleg, seier han og smiler.

På festivalen skal det vera ti personar på kvart lag. Ein trommer takten, ein styrer båten og dei åtte andre ror. Båtane ligg ikkje spesielt djupt i vatnet, så for å ha kontroll må ein ha både samhald og god kommunikasjon lagkameratane i mellom.

- Kunsten er å stikka årene i vatnet samtidig. Om éin ror for hardt eller for slapt, er det vanskeleg å styra båten, forklarer Tore André Sagstad hjå Solsiden i Irisgården.

Så langt har mellom 10 og 15 lag meldt seg på festivalen. Arrangøren oppmodar fleire til å gjera det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ein morosam måte å kappast på, seier Sagstad.

Vinnarane får ein vandrepokal, elles vert det delt ut premiar i klasssen "best in show" og "årets fisko".

- Kva er sjansen for å hamna i sjøen?

- Den er absolutt til stades. Difor er vi veldig opptekne av tryggleik. Vi skal ha seks redningsbåtar på vatnet som står klare til å plukka opp dei som eventuelt hamnar uti, understrekar Genius.