2.	Luftputebåten «Sabvabaa».  Navnet Sabvabaa er hentet fra inuittspråket og betyr "flyter hurtig over".
2. Luftputebåten «Sabvabaa». Navnet Sabvabaa er hentet fra inuittspråket og betyr "flyter hurtig over".

Eitt år på isen i Polhavet

Korleis er det å bu på drivisen i Polhavet i eitt år med fleire månader i stummande mørket? Måndag vitjar professor emeritus Yngve Kristoffersen Os Senioruniversitet med foredraget «En vinter i skruisen i Polhavet - vitenskap på drivisens premisser».

Etter at han var blitt pensjonist og 72 år har Yngve Kristoffersen følgt opp Fridtjof Nansen (Fram 1893-96) og Roald Amundsen (Maud 1918-25) sine vitskaplege forskingstokt ved å la seg driva med isen i Polhavet i eitt år.

Yngve Kristoffersen er utdanna ved Universitetet i Oslo og har doktorgrad frå Colombia University i New York. Han har arbeidd ved Norsk Polarinstitutt og var frå 1984 professor ved Jordskjelvstasjonen ved Universitetet i Bergen. Han har vore pionéren i norsk maringeologiske undersøkingar både i Antarktis og Arktis. Men det langsiktige målet å få Noreg på banen i utforskinga av Polhavet, vart ikkje nådd før han var komen tre år inn i pensjonisttilveret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før 2014 har ikkje Noreg hatt ein einaste ekspedisjon inn i den sentrale delen av Polhavet siden Nansen. I dag skjer nær all forskingsverksemd frå isbrytarar i sommarmånadene, men isen nord for Grønland og Canada er for vanskeleg. Her kan ein berre koma til ved å landa med fly eller driva med isen slik Nansen gjorde.

Nansen bygde skipet Fram som skulle motstå iskreftene, men neste norske ekspedisjon ville unngå iskreftene ved å sveva over isen. Luftputebåten «Sabvabaa» er elleve meter lang, seks meter brei og veg seks tonn, men trykket per flateeinig under luftputa er berre ti prosent av trykket under skoen på eit menneske. Med det ein isbrytar brukar av drivstoff på ein dags isbryting, kan ein luftputebåt operera dagleg i tre år.

Luftputebåten med Yngve Kristoffersen og Audun Tholfsen som mannskap, sat på isen ca. 250 km forbi Nordpolen. I løpet av 11,5 månader dreiv dei med isen ned til kysten av nordaust Grønland der dei blei møtt av selfangaren «Havsel».

Luftputebåten med Yngve Kristoffersen (biletet) og Audun Tholfsen som mannskap, sat på isen ca. 250 km forbi Nordpolen. I løpet av 11,5 månader dreiv dei med isen ned til kysten av nordaust Grønland der dei blei møtt av selfangaren «Havsel».
Luftputebåten med Yngve Kristoffersen (biletet) og Audun Tholfsen som mannskap, sat på isen ca. 250 km forbi Nordpolen. I løpet av 11,5 månader dreiv dei med isen ned til kysten av nordaust Grønland der dei blei møtt av selfangaren «Havsel».

Yngve Kristoffersen vil fortelja om korleis det er å bu i drivisen i eitt år, mange månader i stummande mørke, for å samla vitskaplege data frå atmosfæren, isen, havet og havbotn.

Vi viser til annonse komande fredag.

Bjørn Solheim

Os Senioruniversitet