Inger Sitter var ei sterk og engasjert kvinne, til liks med kunsten hennar.
Inger Sitter var ei sterk og engasjert kvinne, til liks med kunsten hennar.

Eksklusiv utstilling i vest

Nyleg avdøde Inger Sitter sin kunst har sjeldan blitt vist på Vestlandet. Det gjer Oseana noko med når dei neste laurdag opnar ei stor utstilling.

- Denne utstillinga er eit veldig løft for å fremja Sitters banebrytande kunstnarskap for kunstpublikummet på Vestlandet, uttaler kurator Marianne Gathe.

Gathe har gitt seg som kurator ved Oseana og flytta austover til ny jobb, men er i desse dagar tilbake for å ta hand om Sitter-utstillinga, som ho står bak, og sjå til at den kjem vel i hamn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inger Sitter blir rekna som ein av landets absolutt største kunstnarar gjennom all tid.

Då ho døde i 2015, var ho blitt 85 år gammal og hadde eit langt og høgt verdsett kunstnarskap bak seg.

To gonger var ho Festspillutstiller, i 1966 og 2001. Likevel har ho i liten grad blitt vist i vår kant av landet, noko Gathe er svært glad for å få gjera noko med.

fargesterke verk med kraftige penselstrok.
fargesterke verk med kraftige penselstrok.

Hovudverk og salsutilling

Utstillinga, som opnar 1. oktober og står til 20. november i år, består både av ei salsutstilling, med grafiske arbeid av Sitter, og ei retrospektiv utstilling som viser fleire av kunstnaren sine hovudverk.

- Oseana har lånt inn ei rekkje av Sitters hovudverk, frå fleire museum og private samlarar, opplyser Gathe og legg til:

- Det er ei stor glede å kunne presentera dette formidable kunstnarskapet til eit kanskje nytt publikum.

Sitter hadde ein stor grafisk produksjon. Nokre av desse verka blir å få kjøpt etter opninga.

Salsutstillinga presenterer Oseana i samarbeid med Galleri Kunstverket i Oslo. Gathe omtaler utstillinga som ei særskilt hending.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sidan ho no har gått ut av tida, er det eit avgrensa opplag igjen i førstehandsmarknaden, uttaler ho.

Inger Sitter-utstillinga i Oseana blir opna av Marit Gillespie ved Galleri Brandstrup.

Fargesterk penselføring

Inger Sitter hadde sine røter i Trondheim, der ho starta på kunstakademiet alt som 13-åring - som eit "vidunderbarn".

Seinare budde ho store delar av livet i Frankrike og Italia.

Ho har stått på barrikadane i kunstpolitikken, og også gått føre og kjempa for det moderne uttrykket innan det som i hennar ungdom - på 40- og 50-talet - var ein gammalmodig norsk kunstscene.

Mellom anna var Sitter engasjert i stiftinga av Norges kulturråd og organisasjonen Kunst i det offentlige rom (KORO). Dessutan stod ho på for ei profesjonalisering av det norske kunstmiljøet.

Ho er også kjent for sin kamp for kjønn og likestilling, og vart tidenes første kvinnelege professor ved Statens Kunstakademi i Oslo.

Det er likevel som utøvande kunstnar ho er mest kjend og gjer sitt sterkaste inntrykk på folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hennar signatur i kunsten er ei solid penselføring, med fargesterke og dynamiske strøk over lerretet, noko som skal vera inspirert av livet og samfunnet i Sør-Europa.

Tilknytinga til Noreg gjer seg også gjeldande i kunsten. Ho skal særleg ha late seg inspirera av den vestfoldske skjergarden og svaberga kring Tjøme.