Elg med sjel

Det er rett og slett ingen andre som kan vrenga sjela si ut av kjeften slik som Elg. Til helga står han på scenen under Osfest.

Elg, eller Øivind Elgenes som han eigentleg heiter, slo gjennom i 1988. Den langhåra vokalisten i Dance with a stranger (DWAS) og stemma bak mons-terhiten «Everyone needs a friend», var ein periode det heitaste som fanst på norske konsertscener.

Dei siste åra har han markert seg som soloartist med albuma "Som første gang" (1997), "Remembrance" (2000), "The Way Life Goes" (2004), "Storm» (2010) og seinast "Lucky One" i 2013.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har tidlegare vore i Os med DWAS.

- Men, eg hadde ein solokonsert hos nokre fantastiske folk på Eikhaugen Gjestegard i slutten av mars, fortel han.

Gåsehud

For eit nyare publikum er han kanskje like kjend for tidenes gåse-hud-augneblink med sin versjon av deLillos-låta «Hjernen er alene» i fjorårets «Hver gang vi møtes».

Låtskrivar Lars Lillo-Stenberg kvitterte med å kalla den rå framføringa stor kunst.

Det er ein scenekunstnar av rang som vitjar Osfest fredag, men sjølv går Elg sjeldan på konsert.

- Eg får min dose på jobb, kan du seia.

På scenen er han nemleg kjend for ikkje å halda noko attende, men formidlar hudlaust og ærleg til publikum.

Apekongress

- Kva kan vi forventa av konserten din?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir ein musikalsk tur i mi verd. Det vil sikkert også overraska nokon at mitt bandmusikalske repertoar er svært musiserande og improvisatorisk. Slik DWAS var i riktig gamle dagar, seier han.

- Elles liker eg å stola på at låtene fengar og eg ser ofte at publikum ,så lenge den plaprande apekongressen er plassert på eit eigna område, liker å delta.

- Ein god konsert er heldigvis ei felles greie av god energi, seier han.