Frå korps til rock: Innan musikk vert det alt frå Os skulekorps til neddempa klassisk musikk med gitarvirtous Njål Vindenes og poprock med Hans Marius Johnsen.

Festkvelden for Bjørnafjorden tek form - sjå kven som skal på scenen

Fredag 6. mars inviterer Bjørnafjorden kommune og Oseana kunst- og kultursenter til ein storslagen kulturkveld for å feira den nye kulturkommunen.

Kultursjef Erik Vangsnes fortel at det blir «eit allsidig og breidt program med noko av det beste Bjørnafjorden kan by på».

– Det blir mest som ein kabaret med stor spennvidde frå dans og teater til musikk og song. Festleiarrolla er i Eirik Søfteland sine trygge hender og han får med seg over 150 medverkande på scenen denne fredagskvelden, fortel Vangsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vert festleiar: Eirik Søfteland skal leia festkvelden i Oseana.

Innan musikk vert det alt frå Os skulekorps til neddempa klassisk musikk med gitarvirtous Njål Vindenes og poprock med Hans Marius Johnsen.

– Sjølvsagt vert også det store kormiljøet representert, her med eit spennande samarbeid mellom Os mannskor, Os kammerkor og Kammerkoret Takt og Tone, fortel Vangsnes.

Stand up: Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen stiller for å slå opp latterdøra med stand-up.

Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen stiller for å slå opp latterdøra med stand-up, medan Natasja Smørholm skal gje smakebitar frå Heim 2-suksessen på Hordaland teater. Dans vert det også i ulike variantar m.a. frå ei elitegruppe frå Bjørnafjorden kulturskule.

Les også
Fekk draumetilbodet - ikkje berre éin, men to gonger

– Vi har sjølvsagt nokre overraskingar på lur og gler oss vanvittig til å presentera denne flotte festbuketten til bjørnafjordingane. Vi har så utruleg mykje bra å by på her på berget. Festkvelden vert likvel berre eit lite utval. Nokre ekstra gode smakebitar. Når vi vi har jobba med programmet slår det oss at til saman er Os og Fusa dynamitt, smiler Vangsnes som nøgd kan leggja til at billettsalet går godt.

– Her må det bli fullt hus, slår han fast.

Les også
Gode kvar for seg - fortreffelege i lag