DEBATT
Landbruk i heile landet i fare
Deregulering og frislepp er ikkje løysinga.
Norge er eit land med store topografiske forskjellar. Dette gjer landet vårt til eit fasinerande og flott land å bu og leve i. Dette gjeld også for alle dei som kjem for å oppleve Norge. Desse ulike særprega , med busetnad og levande næringsliv i heile landet, ramma inn av ein fantastisk natur, gjer Norge attraktivt som reisemål.
Desse ulikskapane påverkar også kva landbruksproduksjon som vi kan ha rundt i landet. Nokon stader gjer klima og topografi moglegheiter til å dyrke og produsere det meste. Andre stader er det få alternativ. Produksjon av gras kombinert med husdyrhald er det einaste alternativet i mange av bygdene våre. Skal vi unngå ei vidare sentralisering av norsk matproduksjon med ein svekka matvareberedskap for store deler av Norge krevst det ein styrka landbrukspolitikk for geografiske område som Vestland og Nord-Norge.
Difor er det svært alvorleg at Høgre, Frp og Venstre fremjar forslag om at staten skal ta over ansvaret for å regulere marknaden. Eit ansvar landbruket i dag gjennomfører og finansierer sjølv. Å avvikle samvirka som marknadsregulator, kombinert med at dei tre partia sitt ynskje om eit svekka tollvern vil det vere dramatisk for moglegheitene til å produsere mat i Vestland. Utan ei samvirkebasert marknadsregulering vil det vere slutt på at bønder i heile landet får levert mjølk og kjøt.
At dei tre partia ynskjer å kutte marknadsregulering på egg heilt vil avskaffe produksjonen av egg i våre området. Produksjonen vil verte sentralisert til nokon få område med dei utfordringar det kan gje både i høve forsyningstryggleik og smittevern. Ein spreidd produksjon i heile landet er avgjerande for den regionale beredskapen.
På nokon viktige politikkområde kan det vere lurast å la ideologi vere ideologi og i staden bygge politikken på kunnskap, fornuft og eit overordna mål om størst mogleg norsk matproduksjon i heile landet. Deregulering og frislepp er ikkje løysinga for å nå det målet.