Torild Stray foran oljemåleriet ho har måla som heng i Griegsamlinga no.
Torild Stray foran oljemåleriet ho har måla som heng i Griegsamlinga no.

Frå New York til Oseana

I mars blir kolteikninga til Torild Stray, New York Metamorphosis, ein del av den permanente samlinga i 9/11 Memorial & Museum. Månaden etter stiller ho ut i Oseana.

Den fem meter lange og halvannan meter høge kolteikninga hennar blir offisielt overrekt til 9/11 Memorial & Museum 5. mars. Deretter vert det ei mottaking ved det norske generalkonsulatet i New York.

- Eg har følgd kunstnarskapet til Torild over fleire år. Eg visste ikkje om at kolteikninga hennar skulle bli ein del av utstillinga i USA. Det var eigentlig berre flaks at utstillinga i Oseana kom rett etter overrekkinga av biletet i USA, smilar konservator Evelyn Holm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennvidde

Ho arbeider no saman med Torild Stray for å setja opp utstillinga i Oseana.

- Det er jo ein spennande situasjon. Utstillinga blir jo litt farga av det på ein god måte, seier Stray.

Ho seier det er eit fint galleri dei arbeider i.

Torild Stray (til venstre) og Evelyn Holm lovar eit spanande utval når utstillinga opnar i Oseana 7.april.
Torild Stray (til venstre) og Evelyn Holm lovar eit spanande utval når utstillinga opnar i Oseana 7.april.

- Det blir ei veldig spennvidde på utstillinga, både i tid, størrelse og tema, seier ho.

- Det er ikkje mogleg å få vist alt, så ein må tilpassa seg rommet, og finna ein presentasjon som passar på Os, seier ho.

Skyskrapar vart fjell

Torild Stray budde i New York og arbeidde som kunstnar der i 20 år.

Ho hadde atelier i 92. etasje i World Trade Center på slutten av 1990-talet.

- Som vestlandsjente er eg jo van med å ha fjella å orientera meg etter. Naturen sit djupt i oss. Då eg budde i New York, vart skyskraparane fjella. Byen blir på eit vis ein utvida natur. Bygningane vert ei forlenging av kroppen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bileta blei laga basert på sanseinntrykka ho fekk der og då.

Ho fortel at etter å ha stått ein heil dag og teikna byen, kjendest det ut som om ho reiste i sjølve biletet når ho tok taxi heim frå jobb.

- Eg arbeidde med bileta mine dag og natt. Det var som om eg hadde ei kjensle av at denne utsikta ikkje kom til å vara evig, seier ho.

Såg røyken

Stray fortel at ho var heime i Williamsburg då det small 9/11-2001.

- Eg såg røyken frå tvillingtårna, og grubla på kva veg dei ville falla. Vi kunne kjenna lukta av asbest over heile byen, og papir flaug over alt. Eit ark landa faktisk på taket vårt, seier ho.

Internasjonal Merksemd

Kolteikninga Manhattan Metamorphosis har vakt stor merksemd internasjonalt. Den er hovudverket i World Trade Center-samlinga hennar. Eit anna av verka frå samlinga, kan sjåast i Grieg-samlinga i Oseana. Det er eit oljemåleri i varme fargar som gjev eit litt anna inntrykk enn kolteikninga.

- Kolteikninga er jo svart-kvit, og alt som er mellom dei to, seier Evelyn Holm.

Ville ikkje selja

Stray fortel at då det small i New York, hang kolteikninga i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg heldt på denne teikninga i alle år. Eg ville ikkje selja ho. Eg ville at den skulle visast offentleg, seier ho.

Ho seier at det kjennest veldig riktig at biletet no skal hengja i 9/11 Memorial & Museum i New York.

Lang prosess

I to år har ho arbeidd med museet, det har vore ein lang prosess.

- Det er jo ei stor internasjonal anerkjenning. Det er en draum som har gått i oppfylling. Museet er veldig upretensiøst og inkluderande. Biletet blir ei gåve tilbake til byen. No får det tala for seg sjølv. Det er som om ringen er slutta, seier Stray.

post@osogfusa.no