Kraftstasjonen er i dag i dårleg forfatning, men det er eit interessant kulturminne som bør takast vare på.
Kraftstasjonen er i dag i dårleg forfatning, men det er eit interessant kulturminne som bør takast vare på.

Gåssand kraftstasjon - eit eineståande anlegg

Os sogelag som vart stifta i vår, vil som sitt første prosjekt presentera Gåssand kraftstasjon.

Laurdag 27. august vil tidlegare leiar for Os E-verk, seinare direktør for Oskraft AS, Øystein Moberg, halda foredrag i Os folkebibliotek. Søndag 28. august vert det ope for omvising og orientering i kraftstasjonen ved tidlegare overingeniør i Os E-verk og styreleiar i Os E-verk og Oskraft AS, Norvald Skåtøy.

Kraftstasjonen vil vera eit fint utgangspunkt for tur langs røyrgata opp til demningane i Krokvatnet som i dag forsyner største delen av Os med drikkevatn. Det blir høve til parkering ved kraftstasjonen, ved saga på Gåssand og i Hatlelia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eineståande anlegg

Gåssand kraftstasjon var for si tid teknisk sett eit svært moderne og eineståande anlegg. Når det gjeld planlegging og gjennomføring, vart det gjort eit veldig effektivt arbeid som me i dag har noko å læra av.

I romjula 1911 valde Os heradstyre tre medlemmer til å undersøkja om det i bygda var passande fossefall for eventuell utbygging av elektrisk kraft. I desember 1912 og januar 1913 vart det halde tre møte i heradstyret der nødvendige vedtak vart gjort for å byggja kraftstasjon på Gåssand. Det vart gjort samrøystes vedtak om å låna pengar, seks gonger meir enn kommunebudsjettet. Men det var mykje kritikk i bygda over at det vart brukt mykje pengar i "eit bekkefar på Gåssand".

Kor mange lyspærer vil du ha?

Våren og sommaren 1913 vart det bygd veg frå Gåssand til kraftstasjonen. Vinteren 1914 vart turbinen på to tonn frakta til Gåssand på isen. Våren 1914 var stasjonstomta, begge demningane i Krokvatnet og røyrgata ferdig. Generatoren som vog to og eit halvt tonn, vart flytta frå Søfteland stasjon langs vegen til Gåssand ved hjelp av fire skinner som dei la i vegen. For å selja straum gjekk ein frå dør til dør og spurde kor mange lyspærer ein ville ha.

Kunne setja straumen på

28. november 1914, knapt tre år etter at den første nemnda vart vald, kunne straumen setjast på til stor glede og nytte både for heimane og arbeidslivet. Stasjonen hadde då ein effekt på 300 Kw. Nokre år seinare vart dette dobla.

Kraftstasjonen på Gåssand som for si tid var svært moderne, vart nedlagd i 1965, men var tidvis i drift nokre år seinare i kalde periodar. Kraftstasjonen er i dag i dårleg forfatning, men det er eit interessant kulturminne som bør takast vare på.

Me viser elles til annonse i dagens avis.

Olav Søfteland

Os Sogelag