Oseana gjer bygdekino-billettane tilgjengeleg på nett. Dei første filmane ein kan handla billett til på nett, er Den 12. mann (på biletet) og Ferdinand, som går 7. januar.
Oseana gjer bygdekino-billettane tilgjengeleg på nett. Dei første filmane ein kan handla billett til på nett, er Den 12. mann (på biletet) og Ferdinand, som går 7. januar.

Gjer bygdekinobillettane tilgjengelege på nett

No treng du ikkje lenger gå innom resepsjonen i Oseana for å kjøpa billettane dine.

I ei pressemelding opplyser marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica S. Halhjem, at ein no kan tinga billettar til bygdekinoen sine filmvisningar på Oseana på nett.

– Dette har vore både etterlengta og etterspurt. Difor er vi svært glade for å kunna sleppa dette nyhende no, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har vore tungvint

Vidare skriv ho at bygdekinoen på Oseana er godt brukt, faktisk den mest besøkte bygdekinoen i landet.

– Det er mange som no kan gle seg over eit mykje enklare billettsystem framover. Tidlegare har ein måtte kontakta resepsjonen i Oseana for å kjøpa billettar, eller for informasjon om det er fleire billettar igjen til filmen ein vil sjå. Det er klart dette har vore tungvint for mange. I tillegg har det ikkje vore mogleg med reservasjon av seteplass, men det er det no, skriv ho.

Dei første filmane ein kan handla billett til på nett, er Ferdinand og Den 12. mann, som blir vist i Oseana 7. januar.

Til slutt opplyser Halhjem om at ein sjølvsagt framleis kan handla billett i resepsjonen også.