Kjartan Hagevik får mykje skryt for julehagen sin i Hagaviksbakken.
Kjartan Hagevik får mykje skryt for julehagen sin i Hagaviksbakken.

Hageviks julehage i Hagavik

Det er mange som lèt seg imponera av den flotte julehagen i Hagaviksbakken på Nore Neset.

Etter tips tok «Os og Fusaposten» ein tur til Hagaviksbakken laurdag kveld. Ryktet gjekk om ein hage med noko ekstra julepynt, ein god del lysande dådyr og eit julefjell med nissar på toppen.

Før eg banka på døra var eg rimeleg sikker på å møta eit menneske av den eldre garde. Det gjorde eg ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir og meir

Mannen bak julehagen i Hagavik heiter sjølvsagt Hagevik. Karen er 27 år, og fornamnet er Kjartan.

- Heisann, er det du som har lagt litt ekstra sjel i å pynta opp hagen for jula?

- Ja, det er det.

Huset og hagen til Kjartan Hagevik lysar godt opp i desembermørkret.
Huset og hagen til Kjartan Hagevik lysar godt opp i desembermørkret.

- For born og familie eller?

- Nei, eg er ungkar og bur her åleine. Eg ville berre gjera det litt koseleg, så har det eine teke det andre, og no byrjar det å bli, ja, som du seier - ein julehage, humrar Kjartan.

Til no kan han skilta med eit titals lysande dyr, nokre nissar, nokon og femti meter med julelenker og eit lysande raudt «God Jul»-lys på fjellknausen bak i hagen.

- Er du nøgd med hagen no?

- Han kjem seg, men me kan endå pynta opp litt meir. Eg er redd dette kan utvikla seg, smiler Kjartan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kommentarar

Denne kvelden er han perfekt pynta for eit bilete i hagen.

- Eg er nett på veg til Bergen for julebord, men me rekk eit kjapt bilete, seier Kjartan som er stilsikkert kledd i skjorte og vest og med raud tversoversløyfe i halsen.

Medan me leitar oss fram i det som etter kvart er blitt ein mørk, mørk desember-kveld, fortel han vidare om litt av motivasjonen for hagepyntinga.

- Det hender rett som det er at ungar og folk som går på tur står ute i gata og kikkar inn i hagen. Det er veldig koseleg.