Høg allsongfaktor på Osfest

Ringreven Halvdan Sivertsen fekk folk opp frå benkene, og det vart både allsong og dansing då den folkekjære artisten stod på scenen. Sjå biletserie!

Fyrste kvelden av Osfest er halvveges, og grusbanen ved ungdomsskulen er i ferd med å fyllast opp. Alt midt i Elvira Nikolaisen (som var fyrste ute) sin opptreden byrja det å fyllast opp langs langborda i finveret.

Godlyd

Med berre gitarist, bassist og to koristar fylte ho konsertareanen med godlyd. Det er nesten som ein skulle ynskja endå fleire hadde funne vegen hakket tidlegare, for Elvira leverte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konferansier Kjell Elvis sa dette då han introduserte artist nummer to på storscenen:

- Me er stolte og glade for å kunna ta imot den folkekjære og seks gonger spelemanns-prisvinnande Halvdan Sivertsen. Han byr på både humør og tekstar til ettertanke.

Og det gjorde verkeleg Sviertsen og bandet. Den rutinerte songaren og låtskrivaren hadde publikum i si hole hand frå det sekundet han steig inn på scenen med følgjande frase:

- Eg har vaska meg for å vera sikker på at eg ikkje luktar, så kom fram til scenen, og la oss ha det kjekt i lag. Me skal opna med "Venner", og då er det hyggjeleg å vera nokon i lag her framme.

Og publikum tok oppmodinga på strak arm.

Gullkorn og hitar

Sidan gjekk det slag i slag med gullkorn og kjende låtar frå Sivertsens rikhaldige katalog.

Etter Sivertsen tok mørket sakte, men sikkert til å siga på, og endå stod både Elg, Gabrielle og Morten Abel att.