Ada Keita Hansson (25)
Ada Keita Hansson (25)

Idol-osingane får seg ei stor overrasking i kveldens sending

Dommartrioen i Idol slepp ei bombe i kveldens Idol-sending.

I denne saka får ein ikkje vita kven som går vidare i Idol, men om ein ikkje ønskjer å sjå vita noko om kveldens sending bør ein slutta å lesa her.

Tre frå Os

Dei 120 deltakarane som gjekk vidare frå audition i byene Bergen, Oslo og Trondheim får seg ei overrasking når dommartrioen avslører årets store nyhende i Idol: Det blir ingen semifinalar i år. Etter fire bootcamp-dagar skal ein stå att med ti Idol-finalistar som skal gje seg i kast med direktesendingar frå 5. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

I første bootcamp-program, som blir vist på TV 2 onsdag kveld, skal dei 120 deltakarane gjennom lineup, kor dei kjem inn på rekkjer og éin og éin tek eitt skritt fram for å syngja. Deretter får dei direkte tilbakemelding om dei er vidare eller ei. I løpet av dagen skal talet deltakarar bli halvert frå 120 til 60.

Blant dei 120 deltakarane finn vi tre frå Os: Martine Frotveit Johnsen (17), Christoffer Leikvoll Storvik (22) og Ada Keita Hansson (25).