Inviterer til fleire lysande kveldar på isen
Det var magisk stemning då Os Røde Kors tok med seg lyssøyla si på Ulvenvatnet måndag kveld.
Os Røde Kors gjentek suksessen frå vinteren for to år sidan. Måndag kveld lyste dei opp Ulvenvatnet slik at ei rekkje born og unge fekk testa skøytene i måneskinsstemning.
– Det er klart det er kjekt for oss å bidra til at born og unge får denne opplevinga. Samstundes får me testa utstyret vårt og vist oss litt fram, seier Cecilie Baggen i Os Røde Kors.
For å lysa opp isen, har dei med seg eit såkalla katastrofelys, som mellom anna vert nytta ved redningsarbeid i samband med snøskred, ras eller andre ulukker.
– Det er greit for oss å sjå at utstyret fungerer. Både lyssøyla vår og aggregatet er blitt nokre år, så det er viktig at me får sjekka det, seier Baggen.
Ho anslår at det var kring 200 skøyteglade på isen måndag.
Ny runde onsdag
For dei som ikkje fekk det med seg på måndag, blir det nye sjansar framover.
Onsdag kjem dei attende til Ulvenvatnet, og på søndag tek Røde Kors med seg lyssøyla til Banktjørno.
– Du seier utstyret er blitt litt gamalt. Er det snart på tide med ei fornying?
– Me fekk utstyret frå Røde Kors sentralt, og det fungerer ok, men om nokon i næringslivet vil sponsa oss litt, seier me ikkje nei takk til ei fornying. Spesielt kunne det vore greit med eit aggregat som bråkar litt mindre, humrar Baggen.