DEBATT
Takk til ordføraren for gode svar
Takk for eit utfyllande svar frå ordføraren på spørsmåla mine kring eldreomsorga i kommunen.
Som det sikkert skein gjennom i lesarbrevet, var eg frustrert etter folkemøtet om eldreomsorga.
Eg ønskte meir informasjon, og det fekk eg.
Det er bra at vi har ein ordførar som tek seg tid til å svara på spørsmål frå mannen i gata (eller i vegen).
Eg reknar med at det er fleire som sette pris på informasjonen. Eg gler meg òg over å lesa at kommunedirektøren føreslår å styrka pleie- og omsorgstenestene med 40 millionar kroner i budsjettet for 2027.
Siste ord er sjølvsagt ikkje sagt om eldreomsorga.
Vi som er glade i kommunen vår, og har lyst å bli gamle her, må gjera vår del av jobben med å planlegga for alderdomen.
Men samtidig må vi sova med eitt auga ope, og passa på at kommunen leverer det dei lovar.
Magne Brekke
Litt eldre og litt klokare