Tema for kunstpraten er Gunnar Bergs måleri «Landligge i Lofoten» frå 1888.
Tema for kunstpraten er Gunnar Bergs måleri «Landligge i Lofoten» frå 1888.

Inviterer til kunstsamtale med Terje Søviknes

Laurdag inviterer Oseana til samtale i Griegsamlingen mellom Sigurd Sverdrup Sandmo og ordførar Terje Søviknes.

Tema er Gunnar Bergs måleri «Landligge i Lofoten» frå 1888.

- Mange osingar kjenner godt det store og lyssterke biletet av fiskebåtane mellom snødekte fjell. Biletet har i dag ein viktig plass i kunstsamlinga på Oseana som Søviknes har vore politisk engasjert i frå idéfasen til i dag, heiter det i ei pressemelding om laurdagens kunstprat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktuelle spørsmål for praten er kva opplevingar ordføraren sjølv har hatt i møte med kunst, kva han tenkjer om ein landskapsmålar som Gunnar Berg og kvifor denne historiske kunstsamlinga har vore eit så viktig politisk prosjekt for han, heiter det vidare.

I tillegg vil det bli prat om kva kunsten kan bety for eit lokalsamfunn.

Arrangementet er første del av Oseanas serie «Samling», der kunst- og kultursenteret gjennom samtalar og foredrag vil gje publikum høve til å bli betre kjend med kunstverka i Griegsamlingen.

Sigurd Sverdrup Sandmo bur i Os og er til dagleg direktør for komponistheimane Troldhaugen, Lysøen og Siljustøl.

Arrangementet er eit samarbeid med KODE Kunstmuseer og komponisthjem.

Sandmo har og leia samtaleserien KODE 5 på Litteraturhuset i Bergen.

jostein@osogfusa.no