Kystsogedagen finn også i år stad på Engevik gaard i Sævareid. Biletet er frå 250-årsmarkeringa for general Christian Wilhelm Segelcke sin bortgang i 2013. (Arkiv
Kystsogedagen finn også i år stad på Engevik gaard i Sævareid. Biletet er frå 250-årsmarkeringa for general Christian Wilhelm Segelcke sin bortgang i 2013. (Arkiv

Inviterer til ny kystsogedag

Utstilling, kåseri, hagekonsertar og lokale råvarer er berre noko av det ein kan få med seg på årets kystsogedag og torgdag på Engevik gaard i Sævareid.

Markeringa finn stad sundag 28. august. Då kan dei frammøtte ta husa på garden, som alle skriv seg frå den militære sjefsgarden som vart bygt på 1700-talet, nærare i augesyn. Det vert også hagekonsertar med dei lokale talenta Kristin Mjånes Myklebust og Fatima Revne, og kåseri av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes. Sistnemnte tek føre seg livet på Engevik i generalmajor Christian Wilhelm Segelcke sine velmaktsdagar.

Gamle fotografi

Den lokale bygdefotografen Einar Sundvor (1899-1963) har ei unik samling fotografi frå første halvdel av 1900-talet. Bileta, som er blitt digitaliserte av kulturkontoret til Fusa kommune, byd på folk og miljø frå Søre Fusa, og spesielt grendene kring Lygrepollen. Smakebitar frå samlinga vert å sjå i ei utstilling på Kystsogedagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tradisjonen tru vert det også torghandel med lokale produkt og kortreiste varer.

- Frukt, grønt og bakervarer, er noko av det dei besøkjande kan kosa seg med ifølgje programmet.

I tillegg skal mellom andre Fusa husflidslag demonstrera gamle handverkstradisjonar som kipebinding og repslaging.

Kulturvernpris

På tampen av dagen vert Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris delt ut. Prisen går til den, eller dei i Fusa som har gjort ein særleg innsats i å verna om kulturarven og formidla kulturarven til nye generasjonar.

Kulturleiar Erik Vangsnes tek i mot forslag til kven årets mottakar bør vera fram til 15. august. I fjor fekk Else Bodil Gjøn kulturvernprisen for arbeidet sitt med bunadstradisjonane i Fusa.

For dei som ønskjer det er det også mogleg å få ei omvising på "frigarden" Mjånes i lag med professor emeritus Nils Georg Brekke.

- For å vera med på omvisinga må ein ta båtskyss med seglbåten Seladon, eller veteranbuss til Mjånes, går det fram av programmet.

Kystsogedagen på Engevik gaard vert arrangert av Sævareid ungdomslag i samarbeid med Fusa kommune og stiftinga Kystsogevekene i Hordaland.