Kine Skage Kjellstad er marknad- og kommunikasjonsansvarleg i Oseana.

Kan visa til rekordresultat i 2025

Oseana hadde 130 arrangement i løpet av fjoråret og kan visa til rekordresultat.

Publisert Sist oppdatert


Over 57.000 besøkande fann vegen til kunst- og kultursenteret i løpet av 2025. Den samla omsetninga enda på 26,1 millionar kroner.

Nesten ei dobling

Marknads- og kommunikasjonsansvarleg, Kine Skage Kjellstad, som nett er komen tilbake frå permisjon, er svært nøgd med tala frå fjoråret. Ho gler seg over at dei trekkjer eit stadig større publikum til Oseana.

I 2025 var billettinntektene på 7,9 millionar kroner. I 2023 var dei nede i nesten halvparten, og enda på 4,1 millionar.

– Salstala for 2026 så langt ligg tett på tala frå i fjor, så dette lovar bra, seier Skage Kjellstad og held fram:

— Me har lukkast med å nå eit yngre publikum med til dømes Vassendgutane i helga, og me prøver å vera eit kunst- og kultursenter som treffer eit breitt publikum.

Grieg kunstsamling og Galleri Hvelvet hadde seks utstillingar i 2025 og lokka til saman om lag 4.000 besøkjande. I tillegg hadde dei 67 opne visningar for publikum.

I fjor var det 62 kurs og møte i Oseana, og det var heile 175 øvingar for lokale lag og foreiningar.

— Det er kjekt å sjå at så mange lokale aktørar nyttar seg av Oseana, seier Kine Skage Kjellstad.

300 billettar på tre dagar 

Skage Kjellstad synest det er kjekt å sjå at så mange lokale aktørar nyttar seg av Oseana. 

Lokale Jan Helge Corneliussen sitt nye show «Ein vits av ein mann» har bikka 300 selde billettar på berre tre dagar.

— Det er utruleg viktig for oss å kunna tilby lokale arrangement som igjen motiverer dei lokale til å koma til oss, seier Skage Kjellstad.

Ho nyttar samstundes høvet til å skryta av produksjonsleiar Linn Campbell Schreuder. 

– Det krevst enormt med logistikk her på huset når alt skal på plass. God planlegging er alfa og omega for at alt skal klaffa. Linn er heilt rå på det, seier Kjellstad om produksjonsleiaren i Oseana, 

Powered by Labrador CMS