Bente Bratlund og Bente Haugland har kjent kvarandre sidan dei var jentungar, og samarbeider om kunstprosjekt i lag.
Bente Bratlund og Bente Haugland har kjent kvarandre sidan dei var jentungar, og samarbeider om kunstprosjekt i lag.

Kunstnarvener fekk inspirasjon av venskapet

Bente Haugland vart så inspirert av dikta til veninna Bente Bratlund at ho lagde ei rekkje kunstbilete til dikta. I går kveld viste dei to venene fram kva dei har skapt i lag.

Det var ikkje berre osingar som hadde funne vegen til "Bente- og Bente-kvelden" i kunstatelieret på Os stasjon tysdag kveld. Det kom tilreisande frå stader som Tysvær og Koparvik - som ville høyra Bente Bratlund lesa opp frå sine siste diktsamlingar. Og ikkje minst sjå Bente Hauglands kunst som både er inspirert av - og inspirator for - den andre Bente.

- Eg og Bente Haugland har vore vener heilt sidan me var små. Me hadde alltid så mykje å snakka om! Praten heldt fram då eg følgde henne til huset, og så måtte ho følgja meg halvvegs tilbake til mitt hus att, ler Bente medan me får omsyning inne på galleriet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lett å bli inspirert av Bente

Her heng det kunstverk frå Haugland si hand frå vegg til tak, og mykje av tekstilkunsten er inspirert av veninna Bentes dikt.

- Bente sine dikt er så lett å bli inspirerte av. Desse fem bileta som eg har laga i år har alle utspring i hennar dikt, fortel Haugland.

- Og så er det motsett også, legg Bratlund til. - Når eg ser kunstverka til Bente, får eg ofte lyst til å skriva eit dikt, seier ho og viser fram diktsamlinga "Du lærte meg kjærlighet". Framsidebiletet er eit kunstverk Bente har laga av ein pelikan som høgg seg sjølv i brystet for å gje ungane mat. Dette biletet inspirerte Bratlund til å laga ei heil diktsamling.

Inspirasjonen til desse fem kunstverka av Bente Haugland er inspirert av Bratlunds dikt.
Inspirasjonen til desse fem kunstverka av Bente Haugland er inspirert av Bratlunds dikt.
Bente Bratlunds diktbok "Du lærte meg kjærlighet" var inspirert av kunstverket venninda har laga som pryder framsida.
Bente Bratlunds diktbok "Du lærte meg kjærlighet" var inspirert av kunstverket venninda har laga som pryder framsida.

- Eg har ei rekkje av Bente sine kunstverk på veggen heime også. Når eg er sliten og lei ein dag, set eg meg framfor dei. Vidar (sonen hennar, journ. mrk.) har sagt at eg ikkje må bruka ordet "healing", men det er det eg kjenner når eg ser på dei. Det skjer noko godt i meg, seier Bente.

Unik gåve til dei frammøtte

Tilhøyrarane som møtte opp tysdags kveld, fekk også ei spesiell gåve frå dei to kunstnarvenene: Eit heilt nytt dikthefte illustrert med kunst frå Bente Haugland, og med diktet "Desse øyeblikk av liv" ferskt frå Bratlunds hand.

 

Diktet startar slik:

To beslekta sjeler

Artikkelen held fram under annonsen.

som har møtt kvarandre på livsvegen

to ulike liv som har funne eit treffpunkt

i det skjøre mellom orda

som har evna ta imot kvarandre

og ikkje kryssa dei usynlege grenser

to som har lytta til den same musikken