Os skulekorps fyller 60 år i år, og får til saman 250.000 kroner i KUP-midlar i jubileumsåret.
Os skulekorps fyller 60 år i år, og får til saman 250.000 kroner i KUP-midlar i jubileumsåret.

KUP-midlane er fordelte - sjå heile lista

Formannskapet vedtok tysdag fordelinga av 1 million kroner i KUP-midlar.

Her er lista over lag og organisasjonar i Os som får tildelt KUP-midlar i denne omgang. Totalt 1 million kroner er fordelt på 79 lag.

Totalt var det søkt om tiltak til ein samla «verdi» av 3 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore ein fryd å gå gjennom søknadene. Dei viser eit vanvittig mangfald i kommunen. Det er nesten synd at vi berre har 1 million kroner å dela ut, sa Marie Bruarøy som har site i arbeidsutvalet for KUP-midlane i lag med Helge Steinum og Terje Søviknes.

Sjå heile listaher.

jostein@osogfusa.no