Tru om vi kan få både Oscar-vinnar Guillermo del Toro og vår eigen André Øvredal til Os når Scary Stories to Tell in the Dark får premiere?
Tru om vi kan få både Oscar-vinnar Guillermo del Toro og vår eigen André Øvredal til Os når Scary Stories to Tell in the Dark får premiere?

Lagar film med nattas store Oscar-vinnar

Lysefjordingen André Øvredal og regissør Guillermo del Toro skal laga film ilag.– Ein fantastisk fyr, seier Øvredal.

I natt vann meksikanske Guillermo del TorosThe Shape of Water fire Oscar-prisar.

To av dei i dei aller gjevaste kategoriane, nemleg beste film og beste regi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den romantiske sci-fi thrilleren har fått strålande kritikkar og var nominert i heile 13 kategoriar.

André Øvredal har sjølvsagt gratulert del Toro på Facebook, og gler seg stort over samarbeidspartnarens suksess.

– I det siste har han vore så busy med Oscar at eg ikkje har hatt så mykje kontakt med han. Det blir nok meir utover våren, fortel André.

Ein strålande blid André Øvredal då Os & Fusaposten besøkte han på settet til The Autopsy of Jane Doe i 2015.
Ein strålande blid André Øvredal då Os & Fusaposten besøkte han på settet til The Autopsy of Jane Doe i 2015.

Skumle barnebøker

Saman skal dei to filmatisera den populære barnebok-trilogien (!) Scary Stories to Tell in the Dark av Alvin Schwarz.

I bøkene møter vi ei gruppe unge tenåringar som må løysa mysteriet kring brå og makabre dødsfall i den vesle byen sin.

Bøkene har selt i meir enn 7 millionar eksemplar, men er også kjende for å ha blitt bannlyst frå ei rekkje skulebibliotek. Rett og slett fordi dei skremmer vitet av ein del born!

Spøkelseshus av skrekk

Guillermo del Toro skulle eigentleg vera regissør, men har gått over til å vera produsent.

At nettopp Andrè Øvredal fekk jobben med å regissera, er neppe tilfeldig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oscar-vinnaren har nemleg uttrykt stor begeistring for Øvredals skrekkfilm The Autopsy of Jane Doe: «Eit morsomt, stilig, vakkert bygd spøkelseshus av skrekk»

– Det er utruleg kjekt å skulle samarbeida med del Toro. Han er ein fantastisk fyr, så mykje kan eg seia, smiler Øvredal.

Etter planen startar opptaka til sommaren.

anne-marie@osogfusa.no