Kom brått på: Den nye nedstenginga i samfunnet kom brått på for dei fleste. Også for kyrkja. Foto: Liv Berit Kallekleiv

Må avlysa alle samlingar - gudstenester og konfirmantundervisning er sett på vent

Kyrkja har på kort varsel måtta avlysa gudstenester, konfirmantgrupper og andre samlingar for - i første omgang - to veker.

– Den nye nedstenginga i samfunnet kom brått på for dei fleste. Også for oss i kyrkja. På kort varsel måtte vi på ny avlysa gudstenester, konfirmantgrupper og andre samlingar for, i første omgang, to veker. Kyrkjedørene er rett og slett stengde, seier sokneprest Roar Hallesby Evjedal.

Det er likevel nokre unntak. Gravferder er unntatt reglane for samlingar, og kan gjennomførast med maksimum 50 til stades. Planlagde dåper skjer også, men med strengt avgrensa tal personar til stades.

– Så vil det òg vera ope på dei digitale flatene. Os kyrkjelyd planlegg å leggja ut andakter begge dei sto søndagane som kjem, og for dei som fyller ni år i år, er tilbodet ute om ei digital tårnagenthelg med digital gudsteneste for alle i slutten av månaden, fortel Evjedal.

I Fusa vert det digital helsing frå Bella og Dr. Proff på søndag i staden for Familiemix, og neste søndag (17. januar) blir det digital andakt frå kapellan Anette-Emilie Gangstø.

– Og for dei som treng nokon å snakka med i denne tida, er det tilbod om det også. Diakon og prestar tar gjerne ein prat. Det er berre å ta kontakt, legg Evjedal til.