Løysingsorienterte: Rektor ved Hålandsdal Montessoriskule, Melinda Hjelm Hatletveit oppmodar alle som blir råka av skulestenginga om å vera løysingsorienterte og ta det litt som det kjem.

– Må vera løysingsorienterte i ei tid som dette

Rektor ved Hålandsdal Montessoriskule, Melinda Hjelm Hatletveit, ser for seg at både skulens tilsette og elevar må vera fleksible og tilpassingsdyktige i tida som kjem.

– Me har nett fått vita at kommunen stengjer skulene, så det kjem jo litt brått på, sjølv om me på ein måte var førebudde på at det truleg ville skje, seier rektoren.

Ho har 57 elevar ved skulen. Samtlege får beskjed i ettermiddag om at dei ikkje skal på skulen på fredag (i morgon).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då får dei truleg med seg nokre oppgåver og bøker, så skal me spe på med ytterlegare skulearbeid over nettet i dagane som kjem, seier Hatletveit.

Nokon må jobba heime

Totalt er det 15 tilsette på skulen. Rektor reknar med at dei fleste vil møta på jobb på fredag og i veka som kjem, men nokre unntak blir det.

– Me har jo tilsette som kanskje ikkje har høve til å finna barnepass til borna. Dei får tilbod om å jobba heimanifrå, seier ho.

– Korleis blir undervisningsopplegget?

– Det må me nesten ta litt etter kvart. Me kjem til å planleggja litt utover ettermiddagen i dag, så må me alle vera løysingsorienterte og fleksible i tida framover.

– Korleis er stemninga?

– Det er jo spesielt dette, men det er ikkje slik at me har panikk. Me får løysa dette så best me kan, seier Hatletveit.