Ei av oppgåvene denne helga var å laga ein flott ampel i makrame. Frå venstre kursleiar Inga Thordardottir Rød, Karoline Hjelle, Iris Hjaltested, Snefrid Håvik, Ingunn Hjelle og Torni H. Svendsen. Tre av damene denne dagen var ikkje med på biletet.
Ei av oppgåvene denne helga var å laga ein flott ampel i makrame. Frå venstre kursleiar Inga Thordardottir Rød, Karoline Hjelle, Iris Hjaltested, Snefrid Håvik, Ingunn Hjelle og Torni H. Svendsen. Tre av damene denne dagen var ikkje med på biletet.

Makrame for alle

Nokon som hugsar knutekluss med juteband, trekuler og generell uro på handarbeidssalen? No er det over oss igjen og breier om seg i folkehopen. I helga vart det halde kurs i Yrkesstova i Finnebrekka.

Makrame er populært som aldri før. Det er nesten så ein ikkje skulle tru det.

- Har du inntrykk av av makrame er "i skuddet", spør me.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er det. Det er veldig tilbake "i skuddet", svarer Inga Thordardotter Rød.

Rød er fødd islandsk, men bur no på Søfteland, der ho driv mannen sin til vanvit med den nye hobbyen. Det var etter ein ferietur med svigermor til Stockholm det verkeleg tok av.

- Då vart eg heilt hekta, greidde ikkje leggja det frå meg. Mannen min held på å bli galen av amplar, snorer og opplegg som ligg over alt, fortel Rød og ler.

- Eg arbeider som økonom på Haukeland universitetssjukehus, så difor er det kjekt å gjera noko kreativt ved sida av.

Hippiar

Makrame har ei historie til 1.300 år f.Kr. Namnet kjem av det arabiske ordet "migramah", som tyder frynsete handkle eller brodert slør. Maurarane tok skikken med seg til Spania. På 1800-talet fekk makrame eit oppsving, før det gjekk i gløymeboka med industrialiseringa. Seint på 60- og tidleg på 70-talet var det populært med makrame for sjølvrealiserande hippiar. Både klede og pynt vart laga av juteband med sterke fargar.

Trenden denne gongen kjem frå New Zealand, Australia og USA.

- No er det jordfargar og minimalisme som er på moten, forklarer Rød.

Ho påpeikar at makrame i vår tid også er eit ungdomsfenomen. Den yngste deltakaren på kurset på Os var 23 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kafé med to pinnar

Det var Os husflidslag som arrangerte kurset, som samla både nye og gamle interesserte.

Av elles aktivitetar kan nemnast spinning (på rokk), brikkevev, bunadsmontering, kvitsaum, sokkeband og lefsekurs.

"Ung husflid" er for 2. til 8. klassingar. Kvar 14. dag er det strikkekafé, og i oktober går den årlege basaren av stabelen. Inntektene frå basaren går til vedlikehald av huset, ei ombygd tyskarbrakke som dei overtok saman med Os bondekvinnelag i 1946. No er det Os husflidslag åleine som fører handarbeidstradisjonane vidare i huset, og innbyr til kurs i gamle og nyare teknikkar. Handarbeid er i vinden og her kan ein læra teknikkar og få nytt påfyll.

- Eg har ikkje vore her på fleire år, men dette måtte eg få med meg, sa ei av dei frammøtte.

Dama knytte ikkje berre knutar, men også band til andre på kurset. Ho la vekt på at dette var både hyggeleg og sosialt.

9 vevdamer

Snefrid Håvik, med Bodø-dialekt, fortalde at ho var til Yrkesstova fire dagar i veka. Kvar måndag er det veving saman med åtte andre damer. At hudflidsaktivitetane tok mykje av tida hennar, hadde ho ikkje noko imot.

- Eg er pensjonist, så eg klarer meg.

Håvik bad oss også ta med at husflidslaget driv med perlebrystdukar og perlebelte til bunad.