Torsdag var "Os&FusaTV" på besøk på Solås i Øvre Hålandsdalen for å prata med målerinne-veninnene Vigdis Tholo von Ahnen og Anni Bolstad.
Torsdag var "Os&FusaTV" på besøk på Solås i Øvre Hålandsdalen for å prata med målerinne-veninnene Vigdis Tholo von Ahnen og Anni Bolstad.

Malerinne-veninner klare for utanbygds-utstilling

Dei deler ikkje lerret, men utanom det samarbeider Anni Bolstad og Vigdis Tholo von Ahnen tett. No er dei klare for si første utanbygdsutstilling i lag.

Dei er kanskje Fusa-kunstnaranes svar på Lennon og McCartney, dei to målarane frå kvar sin kant av Fusa.

Anni Bolstad frå Solås ved Øvre Hålandsdalen og Vigdis Tholo von Ahnen frå Strandvik møtte kvarandre på målarkurs hos Bente Dankertsen i Strandvik i 2010. Sidan har dei samarbeidd tett både i skaparprosessen og i samband med utstilling og profilering av arbeidet dei gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har aldri delt lerret, men me er tett på kvarandre heile vegen og gjev kvarandre råd og vink når me målar, seier Anni.

- Nett det med Lennon og McCartney var jo smigrande, men det er klart: Me føler me gjer kvarandre betre - at me inspirerer kvarandre og løfter kvarandre opp, repliserer Vigdis.

Humor og arbeid

Latteren sit laust når dei to kjem i lag for arbeid eller sosialt samvere. Faktisk meiner dei at samvære og skaparprosessen er like viktig som resultatet.

«Mjølk og egg» og serien om "Enka".
«Mjølk og egg» og serien om "Enka".
Vigdis Tholo von Ahnen har den siste tida jobba mykje med lys.
Vigdis Tholo von Ahnen har den siste tida jobba mykje med lys.
Anni Bolstad stiller også ut dette biletet av si eiga tante, Gudrun Bolstad. Måleriet er inspirert av tidlegare "Os og Fusaposten"-journalist Morten Holmefjord sitt foto i høve Gudruns 100-årsdag i 2015.
Anni Bolstad stiller også ut dette biletet av si eiga tante, Gudrun Bolstad. Måleriet er inspirert av tidlegare "Os og Fusaposten"-journalist Morten Holmefjord sitt foto i høve Gudruns 100-årsdag i 2015.
Vigdis sitt flotte måleri, "Torshavn", blir også å finna på utstillinga i Mundheim.
Vigdis sitt flotte måleri, "Torshavn", blir også å finna på utstillinga i Mundheim.

- Det å jobba fram eit produkt frå idé til slutt er det som ofte gjev mest. Om resultatet vert bra, er det ein flott bonus, seier Vigdis, som er fødd og oppvakse i Norheimsund.

Me møter dei to i Anni sitt hus nesten inne i Øvre Hålandsdalen. Anni serverer kaffi, medan Vigdis har teke med seg heimelaga sitronkake.

Rundt oss i hallen heng fleire av Annis bilete. Nokre vitnar om at humoren aldri er langt unna.

- Sjå på biletet av granateple der, det har ho kalla «Splitter mine granater», og inne i galleriet der har ho nokre morosame fårikål-bilete, ler Vigdis.

Lys og varme

Galleriet, eller atelieret, til Anni er ikkje særleg stort, men det er like fullt svært høgt verdsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kallar det «Galleri Gallera». Og det betyr spesielt mykje for meg ettersom det var borna mine som har laga det til for meg, fortel Anni.

Denne dagen er også nokre av Vigdis sine bilete på plass i galleriet.

- Me varierer med type måling og stil heile vegen, men til utstillinga me skal ha i lag no i slutten av mai, skal eg visa 19 bilete der eg har hatt fokus på lys i landskap, seier Vigdis og viser oss eit fargerikt og sterkt landskapsbilete med motiv frå Færøyane.

- Eg har kalla bileta mine til denne utstillinga for «Skog - ut mot hav», legg Vigdis til.

Sterk enke-historie

Anni har sjølvsagt også bilete som er mindre prega av humor og vidd. Ein biletserie ho er stolt over er «Enka».

- På Nestunet ved Mundheim står ei stove på to x tre meter. Her fekk eg høyra at det på slutten av 1800-talet budde ei enke med to born. Ho budde der i nesten 20 år. Historia greip meg skikkeleg og resulterte i desse tre måleria bak oss, fortel Anni.

Dei tre bileta viser enkas utvikling mot fridommen.

- Er dette måleri som kan seljast separat, eller mister dei då meininga?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er vanskeleg å svara på. Dei høyrer jo på ein måte i lag, samstundes fortel dei ei historie kvar for seg. Det får eigentleg tilfeldigheitane avgjera. Når me stiller dei ut for sal, så er det ikkje lenger opp til oss som har laga arbeidet, konstaterer Anni.

Naturlege omgjevnader

Dei to målerinne-veninnene har hatt fleire utstillingar i lag tidlegare, men aldri utanfor bygda. Helga 28.-29. mai skal dei stilla ut på Nes ved Mundheim.

- Det blir ei svært spesiell utstilling der me får stilla ut bileta i fasinerande omgjevnader. Anni skal til dømes stilla ut sine kring 35 arbeid i kubbefloren i ei gamal løe på tunet, medan mine 19 arbeid vert stilt ut i den gamle måttinga, eller gjødselskjellaren ved låven like bortanfor, fortel Vigdis.

- Korleis er det med eigarkjensla til arbeidet dykkar? Er det vondt å skilja seg ad med måleri de har brukt månader på å laga?

- Åja, det er sjølvsagt ikkje alltid like lett, men når ein tek med seg arbeid til ei salsutstilling, så må ein berre leva med at det kan bli seld, ler Anni.

- Ja, og så gler det oss at kunsten lever vidare med andre si oppleving av det me har laga, legg Vigdis til.