Tidsriktige kostyme: Anna Margreta Lunde og Bjørg Eek, her i tidsriktige kostyme, er to av dei spreke dansarane i kompaniet.

Medlemene av dansekompaniet er mellom 69 og 90 år gamle. No er dei klare for ny framsyning

Dans gjer ein glad og ung til sinns

Tekst: Egil Haugland. Foto: Ann Haugland

Varga Dansekompani vart skipa av Oseana kunst- og kultursenter for fire år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ein føresetnad at medlemene hadde fylt 65 år. Gruppa, som heilt frå starten har hatt Patricia Langeland som koreograf og instruktør, hadde si første framsyning i Oseana hausten 2019.

Les også
Bjørg (87) debuterte som dansar: — Eg har ikkje stått på scena sidan rett etter krigen
Les også
Det er aldri for seint å dansa

No er dansekompaniet, med same besetning som sist, klar med ei ny framsyning som dei har kalla «Stasjon 1922». Namnet spelar på at handlinga i framsyninga er lagt til ein jernbanestasjon for 100 år sidan.

Gro Arnesen, Torhild Frønsdal og Elin Beathe Moberg
Patricia Langeland og Arnhild Skorpen

Til stasjonen kjem innbyggarar frå landsbyen og ventar på at toget skal koma. Spørsmål ein kan stilla seg, er om dei ventar på nokon som skal koma med toget, eller om dei sjølv har planar om å reisa vekk frå landsbyen.

Nokre av dei ventande kjenner kvarandre godt frå før, men slett ikkje alle gjer det.

Under ventetida skjer det litt av kvart. Det er dette framsyninga presenterer i den snaue timen ho varer.

Medlemmene av Varga Dansekompani er også blitt fire år eldre og er mellom 69 og 90 år gamle. Ingen av dei har noka profesjonell dansekarriere som ballast, og er dermed eit prov på at det aldri er for seint å ta del i noko nytt og givande.

Åsne Lyssand
Rigmor Sletnes og Franzie Lerch
Mette Samdal og Ann Haugland

«Stasjon 1922» er resultatet av eit tiltak som det knapt finst maken til. Her møter vi på scena godt vaksne sambygdingar som utan eit ord fortel ei historie som frå grunnen av er skapt av koreograf Patricia Langeland. Gjennom heile framsyninga spelar kvar dansar ei rolle som dei har vore med og utvikla saman med koreografen.

Les også
Startar dansekompani for godt vaksne

Hendinga er lagt til “dei glade 20-åra”, og kostyme og rekvisittar gjenspeglar dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dato for framsyninga i Oseana er torsdag 3. november.

Sissel Grønvigh, Elin Beathe Moberg og Åsne Lyssand
Rigmor Sletnes og Bergljot Lyssand Bjørø