Einaste rette: Fungerande ordførar Mikal Leigland meiner skule- og barnehagestenginga var det einaste rette.

– Naudsynt å gjera drastiske tiltak. Me må ta denne dugnaden for alles beste

– Om ikkje me gjer drastiske tiltak, vil dette dra ut og fleire vil bli smitta. Eg håpar skulestenginga blir landsomfattande, seier fungerande ordførarar, Mikal Leigland

Han er ikkje i tvil om at det er rett av Bjørnafjorden kommune å stengja skular og barnehagar for å hindra meir smitte av koronaviruset.

– Nærkommunane våre Samnanger og Bergen har også gjort det. Eg tenkjer det er det einaste rette. No må det ein stordugnad til for å stansa utviklinga. Om ikkje me gjer dette, kan denne epidemien både dra ut i tid og vera til fare for endå fleire som er i risikogruppene, seier Leigland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg trur han at samfunnskostnadene kan bli endå høgare.

– Dess raskare me reagerer og gjer kraftige, effektive tiltak, dess raskare kan me få kontroll på situasjonen. Om me ventar og let ting skura og gå, kan det bli endå større konsekvensar for næringsliv og samfunnet som heilskap, seier Leigland.

Tenkja på dei svakaste

Han skjøner at mange kan tenkja at dette koronaviruset ikkje er farleg for dei, men ber dei tenkja solidarisk.

– I ein unntakstilstand som dette, må me tenkja på dei svakaste. Her må me vera solidariske. Om me kan ta denne dugnaden for å stansa spreiinga av koronaviruset, så må me gjera det, slår han fast.

– Kor lenge må folk vera budde på at skular og barnehagar er stengde?

– Me kan jo håpa at me ser ein effekt etter eit par veker, men såpass lenge er det nok naudsynt å køyra denne aksjonen. Dette kjem jo også litt an på korleis tiltaka elles i landet vert. Som sagt meiner eg absolutt at regjeringa må gjera dette til eit landsomfattande tiltak, seier Leigland.

Trine på jobb måndag

Då Os & Fusaposten prata med den fungerande ordføraren torsdag ettermiddag, var han på veg heim til Strandvik frå eit arrangement i Os.

– Det er travle dagar. Mitt oppi det heile har eg eit firma og passa på også, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når kjem ordførarar Trine Lindborg tilbake?

– Ho er på ferie i utlandet, men ho er godt informert om kva som skjer her heime og kva tiltak me no har sett i gang her i Bjørnafjorden. Etter det eg veit, kjem ho tilbake på laurdag og vil vera på jobb igjen på måndag, avsluttar Leigland.