Gruppa, som består av Jan-Tore Saltnes, Sveinung Hølmebakk og Roald Haarr, debuterte i 2005 med show på Logen Teater i Bergen. (Pressefoto)
Gruppa, som består av Jan-Tore Saltnes, Sveinung Hølmebakk og Roald Haarr, debuterte i 2005 med show på Logen Teater i Bergen. (Pressefoto)

Nordic Tenors klare for Oseana

Nordic Tenors er i desse dagar på ein landsomfattande juleturné. Onsdag kjem dei til Os og Oseana.

Jostein Halland

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no

Det er tiande år på rad at Nordic Tenors reiser på juleturné. Dei tre tenorane set årleg ca 15.000 publikumarar i julestemning. Også i år besøkjer Nordic Tenors dei store konserthusa som Grieghallen, Oslo Konserthus, Olavshallen, Stavanger Konserthus og Kilden - i tillegg til ei rekkje andre kulturhus landet rundt, deriblant Oseana.

Med seg har dei pianist Øystein Lund Olafsen

Gruppa, som består av Jan-Tore Saltnes, Sveinung Hølmebakk og Roald Haarr, debuterte i 2005 med show på Logen Teater i Bergen, og seinare på Christiania Teater i Oslo. I 2006 fekk dei Komiprisen som Årets nykommer.

Fjorårets juleturné hadde meir enn 14.000 besøkande.