Heilt sidan Oseana opna i 2011 har både kafeen og resepsjonen hatt vinterlukking frå 1. september. Fram til jul vert det ope sju dagar i veka.
Heilt sidan Oseana opna i 2011 har både kafeen og resepsjonen hatt vinterlukking frå 1. september. Fram til jul vert det ope sju dagar i veka.

Oseana utvidar opningstidene

I år vert det ikkje vinterlukking på Oseana. - Vi ynskjer å gje osingane eit endå betre servicetilbod, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

Direktøren opplyser i ei pressmelding at Oseana kunst- og kultursenter har hatt svært gode besøkstal dei fyrste to kvartala i 2016 og at dei difor satsar vidare med å halda heile huset ope kvar dag, fram til jul.

Heilt sidan Oseana opna i 2011 har både kafeen og resepsjonen hatt vinterlukking frå 1. september, noko som har betydd at heile huset har vore stengt måndagar og tysdagar. Men både i resepsjonen og i kafeen merkar kunst- og kulturhuset at fleire osingar er innom huset på dagtid i vekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har hatt ein sterk auke i bruk av lunsjtilbodet vårt siste halvår, konstaterer restaurant-drivar Roald Mjelstad.

Å kunna tilby eit mattilbod i samband med kulturarrangementa på huset er eit viktig supplement for Oseana kafé og restaurant.

Med vidareføringa av vekesope hus meiner Mjelstad at endå fleire kan få sjansen til å nytte seg av dette tilbodet.

- Mange vel å bruke oss før eller etter dei har vore på eit arrangement, og kombinerer dermed kulturopplevinga si med ei matoppleving. Her har vi merka større og større pågang, og på fleire av konsertane utover hausten har vi allereie no nesten fullbooka restaurant, uttalar Mjelstad i pressemeldinga.