Tidlegare i haust jubla dei for tilskot til ny båt for museet på Lysøen. No kan Sigurd Sandmo (nest til venstre) og KODE-direktør Karin Hindsbo (nest til høgre) jubla over rekordår.
Tidlegare i haust jubla dei for tilskot til ny båt for museet på Lysøen. No kan Sigurd Sandmo (nest til venstre) og KODE-direktør Karin Hindsbo (nest til høgre) jubla over rekordår.

Rekordår for KODE og Lysøen

Aldri tidlegare har KODEs museum i Bergen hatt så mange besøkande som i år. På Lysøen hadde dei ein auke på 26 prosent.

Denne veka kunne KODE notera seg for 218.399 besøkande på sine sju museum så langt i 2016. Dette gjer innverande år til eit rekordår for Bergens-museet. Samanlikna med i fjor har dei sju museuma hatt 18 prosent fleire vitjande i 2016.

- Me er kjempestolte over å kunna seia at dette er muséets beste besøksår noko sinne, seier KODE-direktør Karin Hindsbo.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ekstra imponerande er det at dette skjer same år som me har halde ein heil arena, KODE 1, stengd grunna rehabilitering, legg Hindsbo til.

Gode tal på Lysøen

Tala for Lysøen er også imponerande. Kring to veker før me rundar av 2016 har så mange som 8.797 teke turen til Ole Bulls vakre villa i Lysefjorden. Det er 1.848 fleire besøkande enn det dei hadde i fjor.

- Me hadde litt nedgang etter glansåra på 1990-talet, men dei siste åra har det teke seg godt opp igjen. Dette året er me naturleg nok svært godt nøgde med, seier osing og direktør i Komponisthjemmene i KODE, Sigurd Sandmo.

8.797 har besøkt Lysøen så langt i 2016. Det er ein auke på 26 prosent målt mot i fjor.
8.797 har besøkt Lysøen så langt i 2016. Det er ein auke på 26 prosent målt mot i fjor.

Han trur arrangementssatsinga har vore medverkande til besøksauken.

- I år har me hatt bortimot 30 arrangement/konsertar på Lysøen. I tillegg har me treft bra med tilbodet om direkte-bussturar til og frå Bergen. Dette vil me trappa ytterlegare opp i 2017, seier Sandmo.

Han understrekar at det er blitt gjort mykje godt organisasjonsarbeid i KODE dei siste åra.

- Dei gode resultata kjem av godt forvaltningsarbeid og god organisering og marknadsføring. Tala me har presentert i dag er sjølvsagt svært gledelege for oss, seier han.

Høge ambisjonar

2016 har på mange måtar vore eit svært godt år for Lysøen. Ei rekkje tryggleikstiltak er gjennomført, nye fasadelys er på plass og som rosina i pølsa kom altså løyvinga til ein ny og miljøvenleg Lysøen-båt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mykje som står att i arbeidet med å få den nye båten på plass, men me håpar framleis at han skal vera i drift til sesongstart i 2018. Når det skjer, skal me også ta mål av oss å auka besøkstala endå litt meir. Kanskje kan me strekkja oss etter 20.000 besøkjande i året, seier Sandmo.