Laurdag er det premiere på Søre Neset ungdomslag sin revy, "Søre Neset mot nye høyder". - Før helga var vi litt bakpå, men med heildagsøvinga i går, og eit par øvingar til i slutten av veka, kjem vi i mål, seier primus motor, Runar Drønen.
Laurdag er det premiere på Søre Neset ungdomslag sin revy, "Søre Neset mot nye høyder". - Før helga var vi litt bakpå, men med heildagsøvinga i går, og eit par øvingar til i slutten av veka, kjem vi i mål, seier primus motor, Runar Drønen.

Siktar endå høgare

- Å få andre til å le, er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Det er utruleg gjevande å få det til, seier Runar Drønen.

Drønen er primus motor for Søre Neset ungdomslag sin revy. Årets utgåve, som har premiere førstkomande laurdag, har fått namnet «Søre Neset mot nye høyder».

- Vi har fått gode tilbakemeldingar på revyen vår dei siste åra. Håpet er at vi skal klara å strekkja oss endå litt lenger i år, seier Drønen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktuelle tema

Årets revy er ifølgje Drønen veldig aktuell. Fotballgolf, bubilturistar i Haugsnesfjæra, Lysefjorden mikrobryggeri, ordførar Terje Søviknes på cruise med Statsraad Lehmkuhl og Hamnesjefen er berre nokre av temaa revygjengen skal innom i løpet av dei 21 nummera.

- Vi tek føre oss ting som skjer i bygda. Det kjem også ein Osfest-kavalkade med Gabrielle, Halfdan Sivertsen og De Lillos, fortel han.

Årets revy er den sjette i rekkja. Drønen har, til liks med storparten av revygjengen, vore med sidan starten. Blant erfaringane han har gjort seg i løpet av desse åra, er at publikum responderer best på tema eller personar dei kjenner att.

- Når eit nummer floppar, er det som regel noko eg har funne på heilt på eiga hand, noko som er oppdikta eller er rein fantasi. Det endar gjerne med at publikum ikkje skjøner heilt kva eg har tenkt, seier Drønen og legg til:

- Det er viktig med nummer som tilhøyrarane kan kjenna seg att i, anten det er eit tema, ei sak eller personar dei har eit forhold til.

Etter seks år i lag, har revygjengen også blitt meir samansveisa. Det gjev eit betre sluttresultat, ifølgje Drønen.

- Vi torer å gje kvarandre konstruktiv kritikk, seier han.

Kriblar i revyfoten

Vanlegvis plar revygjengen ha ein idédugnad om våren. Det vart det ikkje tid til i år. Dermed har Drønen sjølv skrive 17 av 21 nummer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi får betalt i applaus, seier Drønen.

Revyentusiasten utdjupar:

- Revyen tek mykje tid. Når det nærmar seg premiere, er ein ofte litt lei og nervøs. Ein skjøner ikkje kvifor ein balar med det i det heile. Men når framsyninga er over og publikum klappar, er alt gløymt.

Sjølv om det kan vera godt å verta ferdig, tek det ikkje lang tid bør det byrjar å kribla i revyfoten til Drønen igjen.

- Det vert eit slags tomrom. På nyåret gler eg meg alltid til å koma i gang igjen, seier han.

I tillegg til premieren på laurdag, vert det framsyningar i ungdomshuset på Haugland fredag 30. oktober og laurdag 31. oktober.

- Kva er det verste som kan skje?

- At publikum ikkje ler, seier Drønen.