Etter 44 år som engasjert og raus leiar av Os folkebibliotek, ser Elisabeth Bochkon Tøsdal fram til å byta side av skranken. (Arkiv
Etter 44 år som engasjert og raus leiar av Os folkebibliotek, ser Elisabeth Bochkon Tøsdal fram til å byta side av skranken. (Arkiv

Søkjer biblioteksjefen sin etterfølgjar

Etter 44 år ved Os folkebibliotek vil Elisabeth Bochkon Tøsdal gje stafettpinnen vidare.

- Vil du leia eit eventyrleg bibliotek? Os kommune skal tilsetja ny biblioteksjef, skriv Os folkebibliotek på si Facebook-side, med link til den utlyste stillinga.

Det er 45 år sidan sist biblioteksjefstillinga i Os var utlyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gongen gjekk jobben til ei nyutdanna Trondheims-kvinne i starten av tjueåra, som hadde funne seg ein kjekk, ung osing å gifta seg med, nemleg Elisabeth Bochkon Tøsdal.

- Eg starta i 1973, etter at eg var ferdig på bibliotekskulen, fortel ho.

Sett bort frå dei korte avbrota med tre svangerskapspermisjonar, har Tøsdal site i sjefsstolen sidan.

Blir ikkje nisse på loftet

Det er med spenning ho no følgjer prosessen med kven som blir hennar etterfølgjar.

- Det er ikkje eg som skal bestemma kven som får jobben, men eg ønskjer at det kjem ein som vil ha det på sin måte, seier Tøsdal, som ikkje har nokon plan om å vera "nisse på loftet".

- Eg gler meg til å bli ein ivrig og begeistra bibliotekbrukar på den andre sida av skranken, men ikkje før etter sommarferien, uttrykkjer ho.

Vil overlappa

Stillinga vart utlyst fredag. I utlysinga blir det oppgitt at det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

- Vi ønskjer ein biblioteksjef som er positiv, fleksibel, engasjert og samfunnsinteressert, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er raus og trygg som leiar, skriv kultureininga i utlysinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Tøsdal går av, er førebels ikkje heilt klart.

- Det eg har sagt er at eg vil vera her og overlappa, Eg blir her til nokon er på plass. Så då kjem det an på kva for søkjarar vi får og når vi får tilsett den nye, slår Tøsdal fast.

Ho avslører likevel at rundt sommarferien er eit ønske ho har.

Bør ha interesse for SoMe og historie

Då Tøsdal tok til i jobben i 1973, var dei to tilsette.

I dag har Os folkebibliotek i overkant av fire stillingar fordelte på fem personar.

Den nye biblioteksjefen får ansvaret for den faglege leiinga, saman med personal- og økonomiansvar.

Kultureininga, som biblioteket er ein del av, ønskjer seg ein eller ei som i tillegg til å inneha bibliotekutdanning, er god på biblioteksystem og andre IT-verkty, og som også er godt kjend med bruken av sosiale medium (SoMe),

- Vedkomande bør også ha interesse for å plukka opp lokal historikk, rår Tøsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordrande

Kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen opplever det utfordrande å skulle finna den populære biblioteksjefen sin etterfølgjar.

- Elisabeth er som ein institusjon i seg sjølv, ho ér Os folkebibliotek, seier Axelsen.

Kultursjefen er glad for at det er eit tidsriktig og moderne bibliotek dei overleverer til neste sjef.

- All ære til Tøsdal for å ha drive biblioteket i Os fram slik ho har. Ho har vore ein sterk pådrivar for heile tida å utvikla det til å bli meir moderne. Når ho overleverer det til ein ny leiar er det med automatisert inn- og utlevering, "meirope" bibliotek og "meirope" lesesal, fortel Axelsen.

Meirope tyder at ein kan få utlevert eit nøkkelkort som gir adgang til bibliotek og lesesal, også utanom bemanna opningstider.

- Då kan du gå inn og låna og levera sjølv, slik blir biblioteket meir tilgjengeleg for folk, slår kultursjefen fast.

Den som skal overta skal få vera med og utvikla Os folkebibliotek vidare og ta det inn i framtida, med ny bibliotekplan.

Håper på spennande ny leiar

Axelsen erkjenner at ho synest det er ei utfordring å erstatta Tøsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ho er utrulig raus. Det er mellom anna imponerande korleis dei møter lånarane, seier Axelsen, som ikkje manglar godord om Tøsdal.

- Vi får ikkje ein ny Elisabeth, men har laga ei liste over krav, så får vi sjå kven som søkjer. Det som er sikkert er at vi treng ein med syn for framtida, men som også kan bevara dei gode elementa som er på plass allereie.

Axelsen er spent på kven som dukkar opp i søkjarbunken.

- Det finst sikkert dyktige folk der ute som har lyst til å koma hit og ta biblioteket vårt vidare inn i framtida, seier ho.

- Målet er å få ein spennande ny leiar. Vi tilset ikkje før vi er sikre på at vi får det vi ser etter, derfor går vi breitt ut. Dette er ei svært viktig stilling innan kultureininga i Os, så eg er spent på søkjarmassa.