Fusingen Natasja Smørholm var i aksjon i Oseana i fjor. Ho er også klar for scenen i Sævareid neste søndag.
Fusingen Natasja Smørholm var i aksjon i Oseana i fjor. Ho er også klar for scenen i Sævareid neste søndag.

Stor oppslutnad om UKM

Neste søndag går Ungdomens kulturmønstring av stabelen i ungdomshuset Breidablikk. 14 innslag står på sceneprogrammet.

For første gong i historia vil Os og Fusa sitt felles UKM-arrangement gå av stabelen i Fusa.

Ungdomshuset Breidablikk i Sævareid vert staden for ungdomelege talent neste søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me opplever stor oppslutnad om arrangementet både frå fusingar og osingar. 14 ulike aktørar/grupper er melde til sceneprogrammet. I tillegg har me fått mange villige osingar og fusingar til å vera med på arrangementssida, fortel kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes.

Aktivt ungdomsråd

Han legg til at frivillige flinke ungdomar også har meldt seg til teneste som konferansierar, medlemer i nettredaksjon og som jurymedlemer.

- Medlemene i ungdomsrådet i Fusa er sterkt delaktig i arrangementet. Dette gjer at vi denne gong har lukkast godt med å få ungdomen sjølv til å ta ansvar for gjennomføringa, seier Vangsnes.

Pianist Irmelin Lemin Lygre (13) spela "Valse nr 10" av Frederic Chopin under fjorårets UKM-arrangement i Oseana. Ho hadde med seg 13 dansarar frå Os kulturskule. 
Pianist Irmelin Lemin Lygre (13) spela "Valse nr 10" av Frederic Chopin under fjorårets UKM-arrangement i Oseana. Ho hadde med seg 13 dansarar frå Os kulturskule.