17. mai i Solbakken: Ole Reinert Berg-Olsen spinner sukkerspin, medan sonen Ferdinand og dei andre borna i gata ventar spente på sin tur.

Sukkersøt feiring i Solbakken

Solbakken vel slo på stortromma på nasjonaldagen. Med felles frukost, besøk av korps, sukkerspinn og 17. mai-leikar vart feiringa så bra at dei vil gjera det til tradisjon.

Få med deg alt som skjer i Bjørnafjorden i vår live-blogg.

Les også
Følg 17. mai direkte: Send inn dine bidrag og sjå glimt frå alt som skjer

Staseleg kledd for dagen møtte i underkant av 20 gode naboar til felles frukost i Solbakkestova til Arne Mæland. Litt før klokka 12.00 fekk selskapet besøk av Søre Neset Musikklag, som rakk å spela tre songar før regnet fukta dei frammøtte så mykje at ein fann vegen tilbake til Solbakkestova.

Artikkelen held fram under annonsen.

17. mai i Solbakken: Kari Kvæven viser stolt fram sin flotte 17. mai-medalje.

Generalmedalje

17. mai-general Kari Kvæven strålte som ei sol og skjenka kaffi og prosecco til selskapets frammøtte. På venstre side av jakkeslaget bar ho ein medalje ho stolt kunne fortelja eit ord om eller to.

Storkoste seg: Kjersti Lien og Hans Marius Hauge storkoste seg i 17. mai-selskapet i Solbakkestova.

– Dette er bevis på at eg er 17. mai-general her i Solbakken. Det finst to av denne medaljen. Den andre er det 17. mai-general i Bjørnafjorden kommune, Stine Kobbeltvedt, som har, fortel Kvæven.

Bak ho kjem Vidar Bratlund-Mæland.

– Ja, eg kan stadfesta det. Eg laga berre to. Så dei er heilt klart spesielle, smiler han.

I godt selskap: Arne Mæland i godt dameselskap i galleriet sitt.

Kø for sukker

Etter frukost og korps var det tid for søtsaker i Solbakkestova. Ole Reinert Berg- Olsen hadde kjøpt sukkerspinn-maskin, og blant dei yngste var det heilt klart at det var dette dei hadde venta på.

– 400 kroner for ei slik maskin. Ikkje så gale det for ei slik avleiing, ler Berg-Olsen.

Etter at alle hadde fått sitt å bita i og mata blodsukkeret med, bar det ut i Mæland-hagen for 17. mai-leikar.

– Me har laga til for tautrekking, potetløp og sekkeløp. Alt er velregissert og klart, smiler Kvæven slå fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette verkar så bra at de gjerne gjør det att neste år?

– Ja, det har me nett slått fast. Uansett korleis neste 17. mai blir i høve til koronavirus og liknande – her skal me ha ny feiring. Det er sikkert, slår Kvæven fast.