Kari-Anne Mandelid med 20 stolte, unge skodespelarar etter å ha presentert teaterets historie på 60 minutt.
Kari-Anne Mandelid med 20 stolte, unge skodespelarar etter å ha presentert teaterets historie på 60 minutt.

Teaterhistoria på 60 minutt - eller meir

Onsdag kveld var det framsyning av det originale barneskodespelet sett opp av Teatergruppa for born på Nore Neset.

Mari Harju Skeie

Frilans, post@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag var det full fest i Nore Neset Aktivitetshus. I god tid før kl 18 var Symrasalen stappfull av spente foreldre og besteforeldre medan 19 born bak sceneteppet venta like spent på å få vise kva dei hadde øvd på denne våren i Teatergruppa for born, organisert av Kari-Anne Mandelid.

Eit puslespel

Borna skulle framføra eit eigeskrive teaterstykke av Mandelid kalla «Teaterhistoria på 60 minutt».

- Eller, vi trur i alle fall det varer så lenge, lo Mandelid då ho introduserte framsyninga.

Ho skildra førebuingane til stykket som "eit puslespel", ettersom alle barna ikkje alltid var på same stad til same tid. Dermed vart produksjonen av teaterstykket enno meir utfordrande, men likevel viste det gode resultat på scenen resten av kvelden.

Lærerikt

Teaterstykket var ei oppsummering over teaterkunsten gjennom historia, og verka lærerik både for publikum og dei vesle skodespelarane. Dei byrja med det opphavelege teateret i det antikke Hellas, jobba seg gjennom Romerriket, mellomalderen og enda til slutt med kjende og kjære musikalar frå notida som Annie, Trollmannen frå Oz og Cats.

Fekk publikum til å le

Teaterhistoria var underhaldande for både store og små. Borna var dyktige til å få publikum til å le, og midt i framsyninga overraska dei med å henta ein frivillig tilskodar opp på scenen for å delta i skodespelet.

Gjennom heile teaterstykket viste borna engasjement og glede medan dei stod framfor publikum, og alt i alt var dette ei flott avslutning på ein vår full av hardt arbeid.

Mandelid fortel etter framsyninga at ho er utruleg stolt over dei unge skodespelarane sine.