Lei seg: – Igjen har covid-19 sett ein stoppar for årets vakraste eventyr, Tysnesfest. Me er utruleg lei oss, men me kjem endå sterkare tilbake i 2022, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

Tysnesfest er avlyst

Det opplyser festivalen i ei pressemelding.

– Igjen har covid-19 sett ein stoppar for årets vakraste eventyr, Tysnesfest. Me er utruleg lei oss, men me kjem endå sterkare tilbake i 2022, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

Med reglane som blir gjeldande for sommaren, ser festivalleiinga ingen annan utveg enn å avlysa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har lenge skjønt at det kom til å bli utfordrande, og dei reglane som blir gjeldande i juli går ikkje i hop med verken festivalkonsertar, festivalcamp eller festivalhamn, konstaterer Vaage som vedgår at det, sjølv om det er «uendeleg vondt å måtta avlysa», på mange måtar er ei lette å få ei avklaring.

– Det gjer at me kan løfta blikket og planleggja ein heidundrandes festival 6.-10. juli 2022! Då skal me verkeleg visa at me er oppe på hesten igjen, og det er duka for tidenes beste festival. Booking-prosessen er allereie starta.

Vaage legg til at dei likevel kjem til å laga ein minivariant av festivalen.

– Me kjem tilbake med informasjon om artistar og billettsal ganske snart.