Den heile og fulle soga om fiolinisten og komponisten, kan ein vel aldri finna fram til. Men, som Mari Lyssand konkluderte med, effekten som Ole Bull hadde i samtida, kan heller aldri synleggjerast på vitskapleg vis.
Den heile og fulle soga om fiolinisten og komponisten, kan ein vel aldri finna fram til. Men, som Mari Lyssand konkluderte med, effekten som Ole Bull hadde i samtida, kan heller aldri synleggjerast på vitskapleg vis.

Viktige kvinner i eit eventyrleg musikarliv

Ole Bull – vår førte internasjonal superstjerne – var han 1800-talets Elvis?

Spørsmålet vart stilt som introduksjon til temaet i Os Senioruniversitet, der foredragshaldar Mari Lyssand gjennom eit engasjert foredrag synte korleis Ole Bull vart sett på og idolisert av samtida, og då særleg av kvinnene. Ho starta med å lesa frå eit av dei mange glødande kjærleiksbreva som han fekk.

Mari la ikkje skjul på at det var utfordrande å kåsera for sambygdingar som har kjennskap til Ole Bull og historier rundt han. Mykje er fortalt om felespelaren og komponisten, men ein bit som gjerne forsvinn, hevda ho, er historia om kva einskildkvinner har hatt å seia i Bull sitt liv. Det var denne biten som dei vel 170 frammøtte fekk litt innsyn i denne måndag føremiddagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den første kvinna

Første kvinna i Ole Bull sitt liv, som i dei fleste andre sitt, var mora Anne Dorothea Borse Geelmuyden som fekk sonen Ole kort tid etter at ho gifta seg med Johan Storm Bull. Dei fekk i alt 10 born, dei første sju vart fødde i løpet av sju år, så det må ha vore livleg i heimen!

Dorothea var eit menneske med mykje varme, men og strenge krav om korleis borna skulle te seg. At Ole Bull alltid vart sett på som galant, som ein som kunne «føra seg», kan nok mykje skuldast mora. Det vart sagt om Bull at når han snakka til ei kvinne, var det som å gje henne ein blomebukett.

Mora var glad i musikk og song mykje. Då Ole Bull fekk første fela si som femåring, var det songane han hadde lært hos mora som han først tok til å spela. Vidare i livet hadde han som ideal at tonane han fekk fram på fiolinen, skulle klinga som song.

Bestemødrene hadde gjennom barndomen stor innverknad på Ole. Mormora, ei myndig dame som styrte både heim og butikk og budde i heimen deira, vart mjuk i samvær med dottersonen og let seg m.a. overtala til å kjøpa notar av Paganini som Ole ønskte seg, sjølv om andre meinte dei var for vanskelege for han.

På farmora sin gard på Osterøy budde Ole og syskena hans gjennom somrane. Farmora som vart enke same året som Ole vart fødd, song folkeviser og fortalde folkeeventyr. Ungane fekk masse kultur med seg, men fekk og høve til fri, fysisk utfalding utan vaksenstyring.

Høg klasse

Ole Bull vart fødd inn i ein høg klasse av folket, og dei fleste kvinnene han kom i nærare kontakt med gjennom livet, høyrde og med til det sokalla høgare laget. Slik som Jomfru Keil som han vart kjend med som 19-åring i Kristiania. Ho var skodespelar på teateret der Ole Bull spela i orkesteret. Etter ein sledetur frå Kristiania til Drammen, der jomfru Keil sjølv bad om å få sitja i sleden til Ole Bull, gjekk det rykte i heimbyen om at dei var forlova.

Eit nærare forhold fekk han nok til Fredrikke Egeberg, pianist og komponist. Broren var Ole Bull sin ven. Ho var djupt og inderleg forelska i Ole og trudde at det skulle bli dei som skulle dela livet. Men Ole drog frå henne og til Paris med ønske om å gjera karriere. Fredrikke gløymde nok ikkje Ole Bull. Rundt 30 år seinare stilte ho opp for kona hans, Felicité då ho var sjuk, og borna til Ole og Felicité fekk arva formuen hennar.

Djup sorg

Maria Malibran, songarinne i den italienske operaen, fekk mykje å seia for Ole Bull sitt gjennombrot ute i Europa. Dei møttest, vart vener og hadde gjensidig beundring for kvarandre. Ho hadde eit stort namn, og avlysing av ein konsert ho skulle hatt – der den italienske adelen allereie var samla i konsertsalen – ga Ole Bull ein sjanse til å trå inn som erstatning for henne. Han spela, trollbatt salen, og fekk gjennom denne konserten eit namn i vide kretsar. Maria døydde berre 27 år gamal, og Ole Bull var i djup sorg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Italia drog han tilbake til Paris der han og tidlegare hadde vore og budd til leige hos madame Villeminot der barnebarnet hennar, Felicité, var blitt 18 år og han 26. Ho vart den første kona hans. I starten av ekteskapet såg alt lyst og romantisk ut, men det skulle ikkje vara. Felicité hadde sett for seg eit liv i Frankrike, med mannen som orkestermusikar. Men det blei lange turnear for Ole Bull, både i Europa og Amerika. Felicité og dei etter kvart fire borna som fekk veksa opp, vart verande isolerte i Norge. Ho kunne ikkje språket, lengta etter mannen og vart etter kvart mentalt sjuk og døydde ung. Av kunstnarvenar av Ole vart ho lite flatterande skildra, men brev som ho skreiv, syner at ho hadde stor omsut både for mannen og for borna. Men ho synte liten innsikt i dei kulturelle og politiske strøymingane som han var oppteken av.

20 russiske hoffdamer

Kvinner var ofte døropnarar for Bull sine turnear. Storhertuginne Alexandra var inntatt i både musikken og mannen. Ho introduserte han for søstera som var gift med tsaren av Russland og skaffa han dermed innpass i landet. At dei vart begeistra for han der, er veggteppe over senga hans på Lysøen eit prov på. Det vart sydd til han av 20 russiske hoffdamer!

Den unge spanske dronninga, Isabell 2., la og sin elsk på musikaren. Ho fekk han til å spela for seg, ville og tilby han ei stilling som general i den spanske hæren – eit tilbod han takka nei til. Men han fekk med frå dronninga ein spansk orden synleggjort ved ein brosje med 140 diamantar!

Ole Bull hadde både den flotte utsjånaden og dei elegante manerane sine med seg, så det var kanskje ikkje rart at han vart omsverma av kvinner. Men han visste og å laga PR for seg sjølv. Før si første Amerika-ferd, fekk han laga såper og parfymeflasker med sitt eige bilete på. Dette vart ein kjempesuksess. Dei amerikanske damene kjøpte.

Ei av dei amerikanske kvinnene som uttrykte mykje begeistring og beundring for Ole Bull, var Lydia Maria Child som m.a. var ein revolusjonær forfattar, kvinneaktivist og forkjempar mot slaveri. Dei vart svært gode venar, Ole Bull var mange kveldar i heimen hennar i New York der dei drøfta ulike tema. Ho må ha påverka Bull i hans politiske engasjement. Sjølv omtalte ho han i lyriske vendingar, skreiv brev til han, og var skuffa over ikkje å få svar. Men ho kom til konklusjonen at Ole Bull var som eit barn; han levde i augeblinken, var heilt til stades der og då, men så var han borte.

Eit sosialt varp

Den andre kona til Ole Bull vart Sara Thorp frå Madison ,Wisconsin i Amerika. I motsetnad til Felicité som kom frå enkle kår, hadde Sara svært god bakgrunn. Faren var senator, mora ei aktiv kvinnesakskvinne som blei sterkt til stades i paret sitt ekteskap. Ho og Ole Bull rauk ofte i hop. Ein kan undrast på at dei ville la dottera gifta seg med ein 40 år eldre mann. Men dei såg det kanskje som eit sosialt varp for familien?

Sara var ein dyktig pianist og vart med sin Ole på turnear. Ho tok seg av økonomien til paret, lærte seg godt norsk og tok på seg å omsetja Jonas Lie sine verk til engelsk. Og etter at mannen døydde, skapte ho si eiga historie. Dottera, Olea, som dei fekk saman, fekk ein heilt annan kontakt med faren enn dei andre borna hans hadde hatt. Men ho fekk berre ha han i ni år.

Mange har skrive om livet til Ole Bull. Sara som vart enke som 30-åring, gav og ut ein biografi der hennar bilete av mannen vert framstilt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den heile og fulle soga om fiolinisten og komponisten, kan ein vel aldri finna fram til. Men, som Mari Lyssand konkluderte med: Effekten som Ole Bull hadde i samtida, kan heller aldri synleggjerast på vitskapleg vis.

Lill-Karin Wallem

Os senioruniversitet